– Det var lang, lang kø bak han

Farta er 29 kilometer i timen, og målet er Nordkapp for denne tyskaren. Her er han i Vadheim.

Farta er 29 kilometer i timen, og målet er Nordkapp for denne tyskaren. Her er han i Vadheim. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Denne tyske traktoren har nettopp køyrt gjennom Nordhordland og er no på veg gjennom Sogn og Fjordane med kurs for Nordkapp. I 20 kilometer i timen!

DEL

Den mildt sagt spesielle traktoren med tilhengar er i desse dagar på veg gjennom Sogn og Fjordane. Og føraren i traktoren har som mål å komme seg til Nordkapp i løpet av juni månad.

– Eg var ute på Fagernes på Norevikane då eg såg denne doningen på E39 rett aust for Lavik. Og eg må innrømme at eg ikkje forstod så veldig mykje. Og då eg ein times tid seinare reiste tilbake til Vadheim, så stod traktoren der. Då hadde han brukt ein time på dei 20 kilometrane, seier Tore «Tåsen» Ytredal i Høyanger til Firda.

Til Nordkapp

Ytredal slo like godt av ein prat med tyskaren i traktoren.

– Dette var ein kar som hadde full kontroll. Han viste meg reiseruta si, og då eg fortalde at han kunne køyre nordover til minibyen Førde, så rista han på hovudet og viste på kartet at han skulle køyre Høyanger, Balestrand, Leikanger og Sogndal. Deretter ville han til Ålesund på Sunnmøre før han fortsette turen nordover mot Nordkapp, seier Ytredal og seier følgande om føraren:

– Dette er nok ein tyskar som har lyst til å gjere noko han har planlagt lenge. Han verka å vere godt økonomisk stilt, og køyrde rundt med ein Stetson-hatt på seg. Og skulle eg gjette alderen hans, så vil eg gjette på at han er på alder med journalisten, ler Ytredal og vedgår at han reagerte på køyredoningen då han såg han første gang.

Lange køar

– Då eg la dette ut på Facebook, så kommenterte ein kamerat eg har i Haugesund-traktene at det var fleire mil med kø bak han der nede. Og det kan eg godt tenke meg då han heldt ei fart på 20 kilometer i timen. Og bak på hengaren hang det eit skilt som fortalde at han kunne ha ei fart på 25 kilometer i timen. Ikkje merkeleg at det blir kø bak han då, seier Ytredal og understrekar at trafikantar må vise omsyn når dei treff han.

– Han har sjølvsagt lov å køyre på vegane under kategorien «traktor med hengar». Men det ser unekteleg litt merkeleg ut. Men med tanke på at han allereie har køyrt gjennom Tyskland, Danmark og Sverige, så vil eg tru han fiksar Norge på langs også. Men det blir nokre timar på traktorsetet på han. Og ikkje minst må det vere tøft gjennom mange av dei lange tunnelane vi har. Då reknar eg med at han finn fram ei maske, ler Ytredal.

Artikkeltags