Bil køyrde i fjellveggen i Hordviktunnelen

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Like før klokka halv to fredag ettermiddag melde Vest politidistrikt om at ein bil har køyrd i fjellveggen i Hordviktunnelen på E39.

Ifølge politiet køyrde bilen vidare etter hendinga.

Tunnelen vart stengd for oppryddingsarbeid etter hendinga, opplyste Vegtrafikksentralen like før klokka halv to, men den opna igjen kort tid seinare.

– Vi har kontakt med føraren, og det er ingen personskadar etter ulykka. Bilen har mindre materielle skadar, opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Politiet har hatt ein patrulje gjennom tunnelen, og det er ingen skadar i tunnelen, fortel han.

Artikkeltags