Gå til sidens hovedinnhold

No kan du lada elbilen på Best Eikangervåg

Artikkelen er over 4 år gammel

Ny ladestasjon for elbilar er på plass langs E39.

– Vi håpar sjølvsagt på å få fleire kundar inn i butikken medan dei lader bilen, det er difor vi har sagt ja til at dei får disponera plass hjå oss, seier Rita Holmås, ei av drivarane av Best Eikangervåg.

Onsdag førre veke vart ladepunktet kopla til, og endå eit punkt for lading langs E39 er realisert.

– Eg vil tru at det har ein positiv innverknad at vi føl utviklinga. Det er seld masse elbilar rundtom, vi må berre følgja med, seier ho med eit smil.

Det er Grønn Kontakt som står bak utbygginga av ladepunktet.

– Dette er eit resultat av ei utlysing frå Enova i fjor sommar, der vi fekk tildelt støtte for å bygge ut strekninga Bergen–Ålesund, seier utbyggingssjef Daniel Johansson hos Grønn Kontakt.

– Då starta arbeidet med å finna lokasjonar. Vi har eit lite samarbeid med Best, og dagleg leiar der sette oss i kontakt med stasjonen, fortel han.

Grønn kontakt bygger ladepunkt på heile E39 mellom Bergen og Trondheim.

– Strekninga Bergen–Ålesund er for det meste ferdig, vi manglar tre ladepunkt av totalt tolv, seier Johansson.

Les også: No kan du vinne 10 000 på å brette ein kartong

Også ved Coop Ekstra på Manger har dei nyleg sett opp ladepunkt.

– Det er støtta av Hordaland fylkeskommune, og er eit samarbeid med Radøy kommune. Det vart også sett i drift førre veke, seier han.

Grønn Kontakt er ein nasjonal operatør av ladestasjonar som vart etablert i 2009. Dei er eigd av 23 kraft- og nettselskap frå heile Norge.

Les også

Vil etablera næringspark på Olsvollstranda

 

Kommentarer til denne saken