Eikefettunnelen vart stengt etter trafikkulykka

Artikkelen er over 4 år gammel

Eikefettunnelen blei ei stund stengt på grunn av opprydningsarbeid.

DEL

To bilar var fredag kveld involvert i ei trafikkulykke på E39 i Eikefettunnelen.

Ulykka skjedde paralelt med brannen på Frekhaug, og naudetatane hadde dermed meir enn nok å ta seg av.

– Ulykka skal ha skjedd i samband med ei forbikøyring, seier Lars Geitle til BA, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Det skal ikkje ha vore ei alvorleg ulykke, og bilane vart slept ut av tunnelen slik at dei ikkje sperra trafikken, men tunnelen vart stengd i perioden opprydningsarbeidet føregjekk.

Tunnelen blei opna klokka 21.04. Trafikken vart dirigert manuelt fram til klokka 21.45, då tunnelen opna igjen som normalt

Brannvesenet sendte mannskap frå Matre og Duesund til staden ettersom mannskapa i Nordhordland var opptatt med brannen i brannen på Frekhaug.

Artikkeltags