– Der sat eg i skjørt med ein sju kilos blaut og skadd fugl på fanget

Livet til svanen stod ikkje til å redde, trass i at Anne Hopland prøvde å hjelpe den.

Livet til svanen stod ikkje til å redde, trass i at Anne Hopland prøvde å hjelpe den. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Tysdag kveld gjorde Anne Hopland sitt beste for å redde ei druknande svane. No ligg den i frysen hennar.

DEL

– Eg kom køyrande i bilen då eg såg noko kvitt som låg i kanten av vatnet, seier Anne Hopland frå Hellevik til Firda.

Ho tok seg ned i det ulendte terrenget for å redde svana frå drukningsdøden.

– Der nede møtte eg ei russisk dame og dottera hennar. Dei visste ikkje kva dei skulle gjere. Dei hadde prøvd å få den laus, seier Hopland om hendinga som skjedde i Eivindvik i Gulen, og legg til at den låg med hovudet under vatnet då dei kom ned.

– Svana hadde null kontroll over nakken og hovudet sitt. Vi hengde den opp ned slik at det fekk renne vatn ut av nasa på den, seier ho.

Ikkje hjelp å få

Hopland visste ikkje kva ho skulle gjere eller kven ho skulle kontakte. Det enda med at ho kontakta politiet som sette henne over til operasjonssentralen. For Hopland kjentest det ut som det gjekk ei æve.

– Eg vart sett vidare over til veterinærvakta, men ho hadde ikkje peiling på fugl. Der sat eg i skjørt med ein sju kilos blaut og skadd fugl på fanget, og med ein russar som ikkje snakka norsk, ein mobil snart tom for straum, og alle eg kjende køyrde forbi og vinka, seier ho oppgitt.

Anne Hopland

Anne Hopland Foto:

Livet stod ikkje til å redde

Hopland fann ut at ho skulle gje svana ein sjanse til dagen etter, for å sjå om ho kom til å kvikne til igjen, men den døydde etter ein times tid.

No ligg svana i frysen hennar og ventar på å verte utstoppa. Men det vert ikkje på Hopland si rekning.

– Eg ringde og sjekka ut prisen for utstopping av dyr. Det kostar meg 12000 kroner å få svana utstoppa, seier ho, og legg til at det vert uaktuelt å stoppe den ut.

Flaks i uflaks

Etter at Hopland la svana ut på facebook vart ho kontakta av ein austlending som gjerne ville få tilsendt fuglen. Han hadde sett innlegget hennar gjennom felles kjende.

– Kanskje svana kan brukast som undervisningsmateriell. Den er ung og nydeleg å sjå på, avsluttar ho.

Artikkeltags