– Det er ingen tvil om at dette er eit spanande prosjekt for Statoil Mongstad, seier direktøren på raffineriet, Rasmus Wille til avisa Nordhordland.

Prosjektet han snakkar om er ilandføringa av olje frå Johan Sverdrup-feltet til Mongstad. Der byrjar ein byggearbeidet i 2016 og mindre enn fire år seinare skal ein vera i gang med produksjonen på feltet.

LES OGSÅ: Rasmus Hansson: – Mongstad bør ikkje reddast

I tillegg til å vera spanande, ser Wille på det heile som svært krevande.

– Me skal jo både tenkja kortsiktig med tanke på effektiviseringsprosessen som går føre seg, men så skal me og tenkja langsiktig. Dette er jo eit prosjekt der me har moglegheit til å få olje til Mongstad heilt fram til 2059, gjerne lenger, peikar han på.

– Difor jobbar me hardt på raffineriet med prosjekt som gjer at me kan setjast i stand til å prosessera olja som kjem i land, legg han til.

For som avisa Nordhordlans skreiv om alt i vår, skal Statoil Mongstad kutta 200 stillingar, samstundes skal dei finna 700 millionar kroner i kostnadsreduksjonar og samtidig auka inntektene våre med 300 millionar kroner innan 2016. For rekneskapa til Statoil Mongstad er raude, veldig raude.

LES OGSÅ: – Dei neste 50 åra blir blant dei største periodane i norsk olje- og gass

Samstundes treng dei pengar frå eigarane for å bygga om raffineriet. For sjølv om det skal komma millionar med liter olje inn til raffineriet i framtida, kan dei berre handsama små mengder av olja grunna kvaliteten.

– Me må ha ei ganske stor investering på Mongstad skal me få dette til, innrømmer Wille.

– Sjølv om det er eit prosjekt som kostar masse, er det og eit prosjekt med stor inntening. Og kan me visa at innteninga heng saman med investeringa, så får me pengane. Og det trur me på, seier han.

– Er det realistisk at de får?

– Det er realistisk å få til, men det er veldig krevande, innrømmer han.

– Det er difor me jobbar knallhardt på kort sikt med effektivisering for å få til nettopp det, seier han.

Og han seier dei ligg i rute til å klara dei tiltaka som må til.

LES OGSÅ: Statoil Mongstad kuttar 200 stillingar

Johan Sverdrup-feltet ligg 155 kilometer rett vest av Stavanger og inneheld truleg mellom 1,8 og 2,9 milliardar fat oljeevivalentar. Og investeringane i fyrste fase vert anslått til mellom 100 og 120 milliardar kroner. Feltet er eit av dei største i norsk oljehistorie og er større enn dei ti neste store funna gjort på norsk sokkel etter årtusenskiftet. Det er den største utbygginga sidan 80-talet på norsk sokkel og har ein produksjonshorisont på 50 år.

Oljerøyrledningen vil komma i land i Nordhordland og gå til Mongstad. Traseen over land vert på 10-11 kilometer, der 5,5 av dei vil vera i ein vassfylt tunnel. Tunneltraseen dei har vald er den nordlegaste av dei to det stod mellom.

– Me vil nytta kjent teknologi når me bygger røyrledningen, men det er ekstremt krevande, særleg rundt Fedje. Dette er bortimot det vanskelegaste me har gjort, seier Elisabeth Aasen Brekke, oppdragsleiar for Johan Sverdrup-røyrledningen.

På tysdag var det folkemøte i Austrheim samfunnshus der alle som ville var velkomne til å stilla spørsmål. blant dei frammøtte var naboane Linda Syslak og Jorunn Kårdal som vil få oljeledningen over både innmark og utmark. Dei er likevel begge positive.

LES OGSÅ: – Den beste julegåva til Nordhordland

– Når eg ser på lang sikt, vil eg få betre landbruksareal enn kva eg har no. Eg ser ei kortvarig ulempe under utbygginga, men alt i alt ser eg på det som ein vinn vinn-situasjon, seier Syslak.

Austrheim-ordførar Per Lerøy er nærast i himmelen.

– Dette er heilt fantastisk. Eventyrleg, seier han.

– Dette fører til stor aktivitet i Austrheim dei neste fire åra, så sikrar det nytt råstoff til Mongstadterminalen i 40 år. Og for det tredje så håpar eg inderleg at det fører til at Statoil vil bygga om raffineriet, noko som igjen er bra for Austrheim har mange folk som er avhengige av raffineriet, seier han.

Mellom anna vil det bety 200 arbeidsplassar i kommunen i dei fire åra utbygginga går føre seg.

Han innrømmer at før gigantfunnet hadde han byrja å sjå sluttten på det norske oljeeventyret.

– Eg var i ferd med å sjå mørkt på framtida. Men dette i kombinasjon med BKK si kraftlinjeutbygging, Mongstadbase si utviding og utbygginga av Nordhordlandspakken, fører til ei eventyrleg utvikling for Nordhordland, seier han.

Han samanliknar det med utviklinga som skjedde på Mongstad på 80-talet.

– Då fekk ein ei vitamininnsprøyting. Dette er fantastiske moglegheiter for Nordhordland, held han fram.

LES OGSÅ: Har investert 15 milliardar miljø-kroner på seks år på Mongstad