Dette er ei dødsulukke

DROPP FRÅ 28 METER: Fallet tilsvarar ei møteulukke i 80 km/t. (Foto: Endre Hopland)

DROPP FRÅ 28 METER: Fallet tilsvarar ei møteulukke i 80 km/t. (Foto: Endre Hopland)

Artikkelen er over 9 år gammel

Front mot front i 80 tilsvarar dropp frå 28 meters høgde.

DEL

Slik ser det ut når ein bil treff asfalten etter eit dropp frå 28 meters høgde. Skadene tilsvarar ein frontkollisjon i 80 km/t. Kroppen er ikkje bygt for å tola ei slik påkjening, tryggleiksbelte eller ikkje.?

Det er fredag ettermiddag i Knarvik, og trafikken inn og ut frå butikkane skapar sin vanlege støy. Men rundt parkeringsplassen ved skysstasjonen er det uvanleg stilt, tiltross for at plassen er omkransa av fleire hundre menneske. Alle sine auger er er festa på ein sliten gamal Peugeot Partner som heng 28 meter over asfalten med fronten ned.

- Vi skal no sleppa denne bilen rett ned. Samanstøyten med bakken tilsvarar ein frontkollisjon i 80 km/t, seier Nils Medaas, brannmann og speaker under Trafikkfagleg Samarbeidsutval Nordhordland sitt arrangement i samband med landsdekkande Redningens Dag.

Like etter hamrar kassebilen i bakken, og er fullstendig knust før folk får sukk for seg. Altfor mange kjem ikkje får ulukker i denne farten med livet i behald.

Få fekk nyttig kunnskap

Verkemidla til TSU Nordhordlander sterke, men effektfulle. Over alt står folk med heva augebryn og store auger.

- Kreftene som er i sving i ein kollisjon i 80 km/t er enorme, som de sikkert ser, seier Medaas.

Det er ikkje få som har fått ein tankevekkjar denne dagen.

Bildroppet etterfølgjer ei økt inne i Knarvik senter som diverre altfor få fekk med seg. Her gjekk Medaas og ambulansearbeidar Reidar Mathisen gjennom nokre svært viktige punkt kva sikring av både menneske og last i bil gjeld. Riktig pakking av feriebagasjen og riktig sittestillig og beltebruk blant både barn og vaksne vart demonstrert med speaker og broadcasta via storskjermar.

Dei få tilhøyrarane fekk også ei innføring i korleis ein skal oppføra seg om ein er førstemann på ein ulukkesstad. Her tel kvart sekund, og riktig framgangsmåte kan redda liv.

– Hald roen i trafikken

– Greitt oppmøte på sleppdelen, og det er bra. Folk kan godt få sjå med eigne auger kva ein kollisjon gjer med ein bil, og dei som sit inni. Diverre var det tynt med folk som fekk med seg delen i senteret, men så var det også einneklemt dag der det ikkje var mykje folk på handling, seier Medaas.

Rådet frå brannmannen før ferien no tar til er likevel klinkande klart.

- Ikkje gå frå sindig stril til temperamentsfull italienar når du kjører. Hald roen i trafikken, og bruk den tida det tar. Dårlege haldningar i bilen vert overført til neste generasjon, og her er det foreldra som har ansvaret, seier Medaas til Nh.

Artikkeltags