Gå til sidens hovedinnhold

«Det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion»

Artikkelen er over 7 år gammel

RADØY: – Mobbinga gjorde vondt, men kanskje var den nødvendig for at eg skulle bi tøff nok, seier David Pletten Aasgard. I dag ivrar den unge KrF’aren for å få på plass eit mobbeombod i fylket.

David har kjend på kroppen kva det vil sei å bli mobba, både dei første åra på barneskulen, og i ungdomsskulen.

– Dei første åra på barneskulen og på skuleveg vart eg plaga av nokre skumle, eldre gutar som både var tøffe i munnen og brautande overfor meg. Eg var veldig redd dei og vart skremd med at eg ikkje måtte sladra. Eg var nok ein veldig stille og roleg gut, og eit lett mål for dei som var eldre og tøffare. Dessutan var eg ikkje god i fotball, og eg var i eigne auge litt rund og gjekk på søndagsskulen, seier David når vi spør kvifor han trur at nettopp han vart mobba.

Hadde vener

– Dei hadde mykje å ta meg for, og det var ikkje kult å bli mobba verken for storleik eller religion.

LES OGSÅ: Seier nei til mobbe- app

–Men når eg tenkjer tilbake, så ser eg at eg likevel var heldig, for det har alltid vore vener der for meg som har gått rundt meg og passa på. Ikkje alle har det, diverre, seier 20-åringen som gjekk på barneskulen på Austebygd.

Han fortel at det vart litt betre då han kom på mellomtrinnet.

– Då var eg betre rusta og så hang eg med dei som var like gamle og eldre enn meg, så eg vågde å svara tilbake. Dessutan var det mykje fokus på mobbing i 5. klasse, og det hjalp veldig, seier David. Han opplevde at mobbinga tok seg opp igjen då han kom på ungdomsskulen på Manger, då med nye aktørar frå andre stader i kommunen.

– Mobbinga vart litt tøffare fysisk, ikkje med slag, men med dulting og knuffing, seier han.

Mykje var skjult

Både på Austebygd og på Manger var han omgitt av gode lærarar som gjorde det dei kunne.

LES OGSÅ: Lindås er best på MOT i heile landet

– Men det er ikkje alt som vert sagt og gjort som vert sett. Det var mykje skjult mobbing, og eg vågde ikkje sladra, seier han. Likevel hende det at både han og mobbaren vart tatt inn på læraren sitt kontor til dialog.

– Det var veldig skummelt, for eg tenkte; kan dette få konsekvensar for meg i etterkant, seier David.

Faren tok tak

Foreldra var og merksame på kva som føregikk, og han hugsar spesielt ein kveld faren skulle henta han på symjing.

– Eg måtte venta lenge på han fordi han hadde vore oppe hjå foreldra til ein av dei som mobba meg på symjinga. Dei tok dette på alvor.

LES OGSÅ: Laga musikkvideo mot mobbing

Når David skulle begynna på vidaregåande, søkte han seg bevisst til skule i Bergen. Då lærde han seg og at det lønner seg å svara tilbake.

– Då vart eg og aktiv i KrFU og KRIK (Kristen Idrettskontakt), og i ungdomsklubben. Der vart eg pusja og blei tryggare på meg sjølv. I dag kan eg sei at eg har kome styrka ut av det, og at mobbinga har gjort meg tøffare. Likevel er det trist å tenkja på, seier radveringen.

Mobbaren sitt ansvar

Hans råd til vaksne er å slå ned på mobbing med ein gong det vert oppdaga.

– Gje ungen som mobbar kjeft, og spør kva han driv med. Ikkje tenk at det berre er gutestrekar. Mobbinga må få konsekvensar, seier David. Han er heilt imot at det er mobbeofferet som må byta skule.

– Eg meiner at mobbaren må bli flytta. Kanskje forsvinn behovet for å markera seg når vedkommande kjem i nytt miljø, seier David. Sjølv merka han at det var lettare å bli tøffare mot dei yngre, for han som hadde blitt mobba sjølv – utan at dette var bevisst.

Mobbeombod

– Så det er mange utfordringar her. Difor ivrar eg og KrF for å få på plass eit mobbeombod som kan gå inn og sjekka skular, i tillegg til at dei ulike antimobbeprogramma må fornyast og styrkast, og det må satsast meir på barnevern i forhold til dei barn som har det vanskeleg heime.

LES OGSÅ: Framleis for mykje mobbing

– Mobbinga er annleis i dag enn då eg gjekk i barneskulen. Statistikken fortel at kvar femte elev vert mobba, men det er all grunn til å tru at det finst store mørketal, seier David Pletten Aasgard. Han slit ikkje med varige mén etter mobbinga, slik mange andre gjer, og vil no gjera det han kan for å jobba for nulltoleranse mot mobbing.