«– Det er kultur for å leika litt med bilane sine her ute, i form av spinning og drifting, men kappkøyring driv vi ikkje med»

ER IKKJE REDD: - Dei aller fleste her ute køyrer fint, meiner David Rossland (f.v.), Lisbeth Viken, Øystein Haugli og Simen Laastad på Austrheim Vidaregåande s kule. Dei tre gutane vil halda fram med å køyra bil til skulen.

ER IKKJE REDD: - Dei aller fleste her ute køyrer fint, meiner David Rossland (f.v.), Lisbeth Viken, Øystein Haugli og Simen Laastad på Austrheim Vidaregåande s kule. Dei tre gutane vil halda fram med å køyra bil til skulen. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

AUSTRHEIM: Politiet meiner ungdom køyrde av vegen i 125 km/t - Ungdommen avviser grisekøyring.

DEL

Lisbeth Viken (17) frå Lindås, var ein av to passasjerar i bilen som køyrde bak ulykkesbilen då utforkøyringa det vert referert til i hovudsaka fann stad. Ho avviser at ungdomane var særskild uforsiktige.

– Brått mista bilen framfor oss kontrollen, og føraren klarte ikkje retta den opp. Utforkøyringa såg svært dramatisk ut, seier ho.

Ho og veninnene stoppa opp med ein gong for å hjelpa til, men gutane i ulykkesbilen kom seg ut sjølv.

– Dei var heilt i sjokk, og føraren var bekymra for bilen. Vi vart sidan med dei opp på sjukehuset, seier Lisbeth.

– Kva dreiv føraren av ulykkesbilen på med før han mista kontrollen?

– Det trur eg ikkje at han har lyst at eg skal seia, men vi kappkøyrde ikkje, seier ho.

Spinning og sladding

Øystein Hauge, David Rossland og Simen Laastad kom også til ulykkestaden like etter utforkøyringa. Dei er overbevist om at det var glatt vegbane grunna tåke og luftfukt som gjorde at føraren mista kontroll på bilen

– Det er slikt som kan skje med uerfarne sjåførar, seier Rossland.

LES OGSÅ: Mistenker høy fart - to til legevakt etter at bil havnet på taket

Han er slettes ikkje samd i politiet sin påstand om at ungdomane i Austrheim køyrer uforsiktig.

– Det er kultur for å leika litt med bilane sine her ute, i form av spinning og drifting, men kappkøyring driv vi ikkje med, seier gutane, som ikkje har tenkt å setja frå seg bilen for å ta bussen til skulen.

Politiet er svært lite nøgd med haldningane til ungdommen i Austrheim.

– Foreldre skal vera sikre på at ungane dei sender ut på skulevegen, skal koma heim igjen. Difor kan ein ikkje ha slike villmenn i trafikken, det seier ein provosert lensmann, Kjell Idar Vangberg.

LES OGSÅ: Frontkollisjon førte til massive køer på E39

Politiet sin versjon av kva som skjedd på Bakka i Utkilen på onsdag, skil seg dramatisk frå ungdommane sin versjon.

– Grisekøyring

To bilar køyrde forbi andre bilar på veg mot Mastrevik. I ein venstrekurve mista den eine bilen kontrollen og kom fleire gonger over i motsett køyrebane, før føraren missa kontrollen heilt over bilen, slik at den vart slengt av vegen, rulla rundt fleire gonger og enda opp 50 meter utfor vegen.

– Dette er det vi kallar for grisekøyring, og vi misliker sterkt at slik køyring finn stad, seier Vangberg.

– Det er berre tilfelle som gjer at det ikkje vart ei dødsulykke ut av det. Hadde det kome bilar imot, torer eg ikkje å tenka på kva som hadde skjedd, seier han.

Køyrde i 125 km/t

Målingar viser at bilen hadde 125 km/t i svingen før sjåføren miste kontrollen over bilen.

Dei to som sat i bilen som køyrde ut, fekk berre lettare skader.

LES OGSÅ: Medvitslaus etter trafikkulykke i Hillesvåg-krysset

I bilen sat det to 18-åringar. Sjåføren hadde berre hatt førarkort i nokre månader. I den andre bilen sat det nokre unge jenter. Begge bilane var på veg til Austrheim vidaregåande skule.

No ropar politiet varsku mot dårlege haldningar blant elevar på skulen.

Skal ta knekken på ukulturen

– Ofte får eg tips frå publikum som påpeikar grisekøyring til og frå skulen, folk kallar det hasardiøs køyring, seier Svein Arne Hatlevik, som styrer Austrheimkontoret i det lokale politiet.

– Det er sørgeleg at slik skjer i den mest kritiske tida, med småbarn som skal på skulen, legg han til.

Politiet varslar no at dei kjem til å intensivera kontrollane der ute.

LES OGSÅ: Her tok politiet 14 bilførarar på 90 minutt

– Vi må gjera det på grunn av den ukulturen som har grodd opp. Det er ikkje for å henga ut ein skule, men vi ser tendensane og dei vil vi setja ein stoppar for, legg Vangberg til.

Han seier det er snakk om grei ungdom.

– Må ta førarkortet lenge

– Men dei ser ikkje konsekvensane av køyringa si. Og slike sjåførar har ikkje noko på norske vegar å gjera, seier han.

I tillegg til å bruka tid på meir kontrollar, vil politiet og vera meir synlege langs vegane, for å dempa farten. Som eit ekstra punkt, vil lensmannen at fleire ungdomar set frå seg bilen, og tek bussen på skulen.

– Haldningane må endra seg. Kanskje bør skulen og foreldra ta opp med ungdomen at dei bør ta bussen til skulen, seier han.

LES OGSÅ: Står klare til å redda liv i helga

Håpet er at ved å setja fokus på dette, vil fleire tenka seg om og på det viset kan ein få endra haldningane til folk.

– For det er haldningane som er problemet. Det å køyra forbi masse andre bilar i dei hastigheitene er tullekøyring. Vi vil ikkje ha slike sjåførar langs vegane, dei må vi ta sertifikatet frå. Og vi bør ha det lenge, sluttar Vangberg.

Artikkeltags