Kreftforeningen ønskjer å starta opp eit tilbod i Nordhordland om ein møteplass for kreftramma, pårørande og etterlatne. Frivillige blir ein viktig del for å drifta delar av tilbodet. Edel Haukås melde seg til innsats då hå fekk høyra om planane.
– Eg har nett blitt pensjonist, og kan gjerne bruka litt av tida mi på dette. Det er kjekt å få vera med å starta opp eit sånt tilbod, seier ho.
– Eg er ikkje typen til å setja meg i ein stol og seia at no har eg gjort mitt, seier Haukås, som oppfordrar andre frivillige til å melda seg.
– Det blir kjekt å prøva skapa ei god ramme rundt dette, og vera eit medmenneske for andre, seier ho.
Trening og samtalar
Tilbodet som Kreftforeningen skal i gang med til hausten er todelt. I lag med fysioterapeut Jorunn Skaar i Lindås kommune vil det bli gruppetrening for å halda ved like fysikken, tilpassa gruppa som vil vera med på tilbodet.
Delen dei frivillige skal stå for blir lagt opp som ein møteplass der ein kan utveksla erfaringar og snakka med likesinna om alt mellom himmel og jord.
Les også: Ein av tre får kreft - Ida Louise samla inn pengar til kreftforskinga
Dei vil og legga opp til fagleg påfyll etter behov og interesse.
Møta andre i same situasjon
– Når ein er ramma av kreft har det stor verdi å møta andre i same situasjon, med liknande erfaringar, bekymringar og behov, seier Susanne Fagerbakke i Kreftforeningen.
– Gjennom å dela med og læra av kvarandre er det mange som opplever auka meistring i ei krevjande tid, seier ho om bakgrunnen for at dei vil oppretta ein møteplass som ei trygg ramme for å utveksla erfaringar.
Fleire bur heime
Etter samhandlingsreforma er det fleire pasientar som er i heimkommunen som før var på sjukehus. Behovet for ein lokal møteplass dukkar difor opp.
– Vi har hatt folk som etterlyser dette, og som ikkje føler dei har krefter til å reisa til Bergen, men som vil komma om det vert oppretta lokalt. Vi håper vi kan møta og ta vare på fleire når det kjem eit tilbod lokalt, seier ressurssjukepleiar Margunn Eide i Lindås kommune.
Infomøte
Onsdag 2. april inviterer dei folk som er interesserte i å gjera ein frivillig innsats til informasjonsmøte på Seniorsenteret i Knarvik.
– Møtet er heilt uforpliktande, og alle er hjarteleg velkommen. Alle frivillige som vil gjera ein innsats vil få god opplæring og oppfølging frå Kreftforeningen, seier Susanne Fagerbakke.