– Dei kriminelle var meir profesjonelle før

- Eg har aldri angra ein dag på at eg byrja i politiet. Og eg kunne godt tenkt meg å byrja opp igjen i dag, seier avtroppande lensmann Einar Vatne. # Så det kan godt henda eg vert lensmann i mitt neste liv, om det dukkar opp, seier han og ler. Etterfølgjar Kjell Idar Vangberg overtek eit lensmannsdistrikt som til trass for stor folkeauke dei siste ti åra, ikkje har auke i kriminaliteten.

- Eg har aldri angra ein dag på at eg byrja i politiet. Og eg kunne godt tenkt meg å byrja opp igjen i dag, seier avtroppande lensmann Einar Vatne. # Så det kan godt henda eg vert lensmann i mitt neste liv, om det dukkar opp, seier han og ler. Etterfølgjar Kjell Idar Vangberg overtek eit lensmannsdistrikt som til trass for stor folkeauke dei siste ti åra, ikkje har auke i kriminaliteten. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

– Når du var i fengselet, så ropte dei på deg og ville snakka med deg. Så tysta dei litt. Samtidig så var det litt sånn at «vert eg tatt så vert eg tatt». Det var ein del av gamet.

DEL

Det seier lensmann i Nordhordland, Einar Vatne.

Etter 48 år i politiet, dei 20 siste som lensmann, takkar han no av og går inn i pensjonistane sine rekker.

Olsenbanden

Mandag har han sin siste arbeidsdag, og det er i den samanheng han tenker tilbake på kva som ein gong var og korleis dei kriminelle og kriminaliteten har endra seg.

– Ein hadde ein heilt annan kriminalitet for 20–30 år sidan. Då var det folk som dreiv masse vinningskriminalitet, dei stal bilar, opna pengeskap og rana bankar og postkontor. No er pengane vekke frå desse arenaene. Det er ikkje pengar i bankane lenger. Ranar dei i dag er det ofte ei pølsebu seint på kvelden, seier han.

– Den gongen var det, kva skal eg seia, dyktige kriminelle. Nesten litt Olsenbanden-stil over dei.

– ?

–Ja, dei hadde ein plan. Og gjennomførte den. Dei opna ofte pengeskapa med skjærebrennar eller vinkelslipar, store tunge safar tømde dei for pengar. Det er ikkje ein kriminell i dag som hadde klart å opna ein safe omtrent, held han fram.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Han viser til at dagens kriminelle ofte er i narkorus.

– På den tida var det kanskje alkohol inne i bildet, men ofte var dei edru. For det krevst konsentrasjon og opplegg for å operera i Olsenbanden-stil.

– Var dei meir profesjonelle før?

– Ja, mykje meir. Mange av dei var heilt profesjonelle, seier han.

– Dei var dyktige på den kriminaliteten dei gjorde. Dei planla og gjennomførte på ein profesjonell måte. Dei slo ikkje plutseleg ned nokon heilt tilfeldig eller vifta med ein «pinne» på 7/11 rundt midnatt. Dei gjorde research, kor tid er politiet her? Korleis må vi gå fram? Men så bomma dei som regel på noko, så vi klarte å oppklara sakene. Gløymde kanskje å ta på seg hanskar, så vi fann fingeravtrykk, fortel han.

Visste kven som opna skapa

Nordhordland var eit mykje mindre samfunn og på den tida, så kjennskapen til dei kriminelle var enno større. Politiet visste kven som brukte kva måte på å opna eit pengeskap, til dømes. Det gjorde og at kontakten med dei kriminelle var god.

– Når du var i fengselet, så ropte dei på deg og ville snakka med deg. Så tysta dei litt. Samtidig så var det litt sånn at «vert eg tatt så vert eg tatt». Det var ein del av gamet.

LES OGSÅ: Gjert mista dottera i helikopterstyrt

Vatne seier at politi og røvar var tett på kvar andre.

– Kameratar vert kanskje feil å kalla dei, men du hadde eit veldig nært forhold til dei

Les heile saka i vår e-avis. Den kjøper du her!

Artikkeltags