– De urinerer på Aasen

DIALEKTAR ØYDELEGG: Professor Frank Aarebrot meiner dyrkinga av dialektar har øydelagt for nynorsken som skriftspråk.

DIALEKTAR ØYDELEGG: Professor Frank Aarebrot meiner dyrkinga av dialektar har øydelagt for nynorsken som skriftspråk. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Professor Frank Aarebrot sparte ikkje på kruttet i Knarren søndag.

DEL

Arrangøren Alversund Mållag inviterte til foredrag om grunnlova, språk og demokrati, og ein sjanse til å få eit nytt perspektiv på mellom anna språket i historisk perspektiv, noko dei fekk til gagns.

Aarebrot meiner dyrkinga av dialektar har øydelagt for nynorsken som skriftspråk.

LES OGSÅ: Nynorsken tapar for bokmål i Nordhordland

– Om vi skal dyrka dialektar, kva pokker skal vi då med skriftspråk? Dialektar er alltid eit skriftspråk sin fiende, om det er nynorsk eller bokmål, seier han.

– Eg krangla fælt med programleiar Linda Eide, ho var så begeistra for at ei jente hadde fått lov å lesa nyheitene på vossamål i NRK. Eg meiner det er ein katastrofe for nynorsken at ein tillet det, nyheiter skal lesast på nynorsk, ikkje dialekt. Heile Aasen og Garborg sitt prosjekt handla jo om å laga ein skriftstandard, då kan ein ikkje driva å dyrka dialektar.

– Dette er sjølvmord de er i ferd med å begå, seier Aarebrot med adresse til mållaga.

– Unnskyld uttrykket, men de urinerer på Aasen sitt verk kvar einaste dag i mållaga, seier han til ein lettare sjokkert latter frå salen.

LES OGSÅ: Nynorskelevar får betre karakterar

– Katastrofen ligg i at ein fekk jamnstillingsvedtak som gjorde at ein vart sitjande i sine små ghettoar i «Syn og Segn», «Dag og tid» og «Samlaget» og passa på rettane sine.

– Eg vil påstå at i 1892 slutta nynorsken å vera offensiv. Trass dette vaks det fram mot 1920-åra, og så kom nedgangen. Og kva handlar det om? Jo, 70-åringar i områda rundt Bergen som stavrar seg fram på skulekrinsvala for å hindra at innflytta bergensarar skal få bokmål i skulekrinsen.

LES OGSÅ: Meir bokmål knekk Meland

Artikkeltags