Co2Bio får millonar over statsbudsjettet

-  Eg er veldig glad for at ein har kome fram med ei løysing som gjer at ein kan komma vidare med prosjektet, seier Torill Eidsheim (H).

- Eg er veldig glad for at ein har kome fram med ei løysing som gjer at ein kan komma vidare med prosjektet, seier Torill Eidsheim (H). Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette er ein lukkeleg dag, og for Nordhordland.

DEL

Forhandlingane om det reviderte statsbudsjettet er no ferdig, og CO2Bio-prosjektet på Mongstad har fått dei seks millionar kronene dei trong for å gå vidare med prosjektet sitt.

– Dette er ein gledens dag, seier Svein M Nordvik, som er dagleg leiar i selskapet til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: SPIR-prisen til CO2Bio

Han kallar pengane frå Stortinget for avgjerande for heile prosjektet.

– No kan me setja i gang prosessen med å bygga anlegget, som skal stå klart i 2015, seier han til avisa Nordhordland.

Det skal byggast eit bygg på 300 rutemeter, der forsking med folk frå Universitetet i Bergen, UNI Research og andre skal gå føre seg.

– Dette er ein lukkeleg dag, og for Nordhordland. For no får me Universitetet i Bergen med aktivitet her, me får eit grønare Mongstad og ein får utnytta den CO2-en som vert slept ut, seier han.

Pilotprosjektet går ut på å nytta seg av CO2 frå Mongstad til å dyrka algar i eit landbasert anlegg, for deretter å utvinna Omega 3 til bruk i fiskefôr.

– Næringa treng det, og fisken treng det, seier han.

Oppdrettslaks må nemleg tilførast omega3 for å kunne ta til seg omega3, forklarar han.

– Det betyr igjen at veksten i havbruksnæringa gjer at dei etterspør mykje omega3, og tilgangen på fettsyrer er avgrensa, seier han.

LES OGSÅ: Problemgass kan bli industri-eventyr

Det betyr at potensialet er stort.

– Me har eit arbeidsmål på å produsera 100.000 tonn med omega3-feittsyrer på sikt, seier han.

Men fyrst skal det forskast. Dei skal forska i fem år no,for å finna ut om det er grunnlag for å gå vidare med prosjektet. Og det kjem til å kosta, mange millionar kroner.

– Næringa og forskingsmiljøa kjem til å bevilga pengar til forskinga, fortel Nordvik.

LES OGSÅ: Industriområdet i Galteråsen vaknar til liv

Torill Eidsheim (H) er nøgd med løyvingane som er gjort i det reviderte statsbudsjettet.

– Dette er eit prosjekt me har vore opptatt av lenge. Det er eit opplagt prosjekt som fell mellom to stolar, seier ho.

Difor har heile prosjektet vore ein kasteball i systemet ei stund.

– Difor er eg veldig glad for at ein har kome fram med ei løysing som gjer at ein kan komma vidare med prosjektet, seier ho.

LES OGSÅ: TCM har sikra seg avtale med Shell

Eidsheim seier det har vore harde forhandlingar om revidert statsbudsjett, og pengane til alge-prosjektet sat inn.

– Det har vore tøffe forhandlingar om å få det til. Men eg vil berømma dei fire samarbeidspartia for å samarbeida på ein god måte, seier ho.

Ho peikar på at potensialet i alger er stort.

– Eg var nyleg på eit møte i Transportkomiteen på Stortinget om biodrivstoff, då vart alger nemt som eit framtidig potensiale, peikar ho på.

– Om ein klarar å nytta CO2 til anna enn å lagra det, må det vera eit kjempeframskritt, seier ho.

– Er dette framtida?

– Det veit eg ikkje. Ein veit ikkje kva framtida bringer. men å satsa på forsking betyr og at ein må tora å ta feil av og til, peikar ho på.

Artikkeltags