Gå til sidens hovedinnhold

Claus Sellevoll får Medaasprisen

Artikkelen er over 8 år gammel

Medaasprisen 2013 vert tildelt revyartist, sanger og gjøglar Claus Sellevoll.

- Han har markert seg i en årrekkje i ulike samanhenger, aleine eller saman med andre som i duoen "Cato og Claus" med Cato Jensen, "Vestlandsrevyen" med Olav Stedje, Ragnar Hovland, Finn Tokvam og Halvor Folgerø, og i forestillinga "Singel og sand" med Yvonne Algrøy , Helga Golten og Cato Jensen.

LES OGSÅ: Eit stykke ein sognetur verdig

Han har som eit standardnummer ein glitrande parodi på Ivar Medaas, blant mykje, mykje anna, heiter det i grunngjevinga frå komiteen. Prisen er på 20 000 kroner samt ein bronseplakett av Ivar Medaas laga av skulptør Vidar Mæland.

Ungdomspris
Ivar Medaas ville fylt 75 år i år, og i samband med det ville priskomiteen dela ut ein ungdomspris på 10 000 kroner til ein framragande musikar/artist mellom 16 og 23 år frå Nordhordland.

- Vi satt til slutt igjen med to så gode søknader at vi bestemte å dele ut to slike prisar, både på grunn av kvaliteten på begge desse søkjarane, og fordi sjangrene er så forskjellige at det er vanskeleg å sette artistane opp mot kvarandre, seier komiteen.

Om dei to ungdomsprisane har komiteen følgjande å seia:

- Den eine går til ein klassisk trombonist, Endre Rydland Vetås, 18 år gammel og med en allereie imponerande velfylt CV. Endre er elev ved Norges Musikkhøyskole i Oslo og allereie vikargodkjent i Oslo filharmoniske orkester, Krinkastingsorkesteret og Operaorkesteret.

LES OGSÅ: Debuterer med dobbelplate

- Den andre ungdomsprisen går til Bastian Helgesen Veland, ein 21 år gamal gitarist og multimusikar innan jazz/ rock. Under namnet "Ossicles" har han saman med Sondre Veland laga eit vakkert dobbeltalbum, "Mantlepiece", I tillegg til musikken, som er komponert sammen med Sondre Veland, har han og laga alle tekstane og gitt albumcoveret ei vakker design.

Prisutdelinga blir på årets Medaaspriskonsert på Nordhordland Folkehøgskule 8. september. I tillegg til prisvinnarane vil heile Vestlandsrevyen med Olav Stedje, Finn Tokvam, Ragnar Hovland og Halvor Folgerø delta saman med Bergen Nord Kammerkor, Marianne Juvik Sæbø, Bjørn Berentsen og Dag Arnesen.