– Eg var litt spent på å sjå kva som kom med i det ferdige programmet, seier Cato Steindal etter å ha vore med i «Hellstrøm rydder opp hjemme» som vart vist sist torsdag.

Etter fleire tilfelle av matforgifting vart han skeptisk til all mat som ikkje var fullstendig gjennomsteikt, og tydde til steikt kjøtdeig mange gonger i veka.

Det var kona Renathe som melde dei på.

– Eg begynte sjølv å sjå at eg hadde eit problem. Det var frua som melde oss på, men eg var innstilt på å vera med og fullføra løpet og gjera mitt beste. Det har eg ikkje angra på, seier Cato, som har tatt av 9,5 kilo sidan innspelinga .

Positiv respons

Etter at programmet vart vist på skjermen torsdag har Cato fått mykje positive tilbakemeldingar.

– Det er mange som har sendt meg meldingar som seier at det var tøft gjort å stilla opp, eg trur nok at det er mange som har liknande utfordringar, seier han.

LES OGSÅ: - Eg har fått eit betre liv

Cato fortel at han grua seg litt på førehand til programmet skulle visast.

– Ja, eg må ærleg innrømma at eg grua meg litt, eg visste jo at folk kom til å få sjå ein grinande Cato på skjermen, seier han.

Ei sjokkoppleving

Eyvind Hellstrøm tok dramatiske verkemiddel i bruk før å få Cato til å innsjå problemet, og troppa mellom anna opp med ein varebil med kjøtdeig for å visa kva Cato fekk i seg på eit år.

– Når Hellstrøm kom med dei mengdene fekk eg eit realt sjokk, det var ein tankevekkar, fortel Cato.

– Då sa eg til kona mi at dette livet vil eg ikkje halda fram med, vi skal ikkje ha meir av dette inn i huset vårt, seier han.

Det løftet har han halde i tida etter innspelinga.

– Eg har ikkje smakt kjøtdeig sidan, fortel Cato.

– Eyvind Hellstrøm var kjempehyggeleg han, han forstod kva problemet var. Han viste meg kva kosthaldet gjorde med kroppen, og eg har lært mykje nytt, det var ei lærerik oppleving, seier Cato.

Ferske råvarer

No lagar dei nesten all mat frå botnen av med ferske og gode råvarer.

– Vi har så og seia slutta med ferdigprodukt, det kan henda vi tyr til ein suppepose ein gong i månaden om vi har dårleg tid, fortel Cato.

LES OGSÅ: Hellstrøm i Kjelstraumen

Den nye favorittretten er grønsaker i wok med steikt fisk ein rett som Hellstrøm lagar i programmet.

– Det har blitt veldig mykje fisk i det siste, før Hellstrøm kom rørte eg det ikkje, fortel Cato. Omnsbakt laks med grønsaker og ei eller anna form for saus er og blant dei nye favorittane.

Litt juks med fileteringa

I programmet fekk vi sjå ei scene frå kjøkkenet på Kjelstraumen vertshus der Cato skulle filetera fisk, noko som ikkje gjekk så bra.

- Eg har vore mykje på sjøen, men har aldri filetert, berre tatt ut vom og innmat. Dermed vart det litt drama når eg skulle filetera fisken, seier han.

- Andre gongen Eyvind var hos oss hadde eg filetert litt fisk på førehand, så det vart litt juksing siden eg hadde forhandsfiletert fisk klar til maten, seier han.

Lærerikt

– Det har vore artig og lærerikt å vera med på dette, og eg har fått eit betre liv og har meir energi, seier han, som har fått god støtte frå kona Renathe.

– Ho er glad for at eg har klart å legga om vanane mine og halde meg til det, ho synest det er tøft gjort av meg og har støtta meg i heile prosessen, seier Cato.