Byrjar bygginga av ny ferjekai

SKAL BYGGAST UT: I desse dagar startar arbeidet med å utbetra ferjekaien i Lavik. To år og 200 millionar kroner vil gå med til arbeidet.

SKAL BYGGAST UT: I desse dagar startar arbeidet med å utbetra ferjekaien i Lavik. To år og 200 millionar kroner vil gå med til arbeidet. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Snart vert det betre forhold for dei som må kryssa Sognefjorden. Anleggsarbeidet startar i desse dagar.

DEL

Den nye ferjekaia i Lavik vert bygd i betong og skal stå på pelar i sjø. Det skal byggjast ein pir på om lag 80 meter, der to ferjer kan legge til på same tid. Talet på oppstillingsplassar på kaia vil auke til 135,melder Statens vegvesen.

Tilkomstvegen til ferjekaia, som tidlegare har gått gjennom Lavik sentrum, skal flyttast. Nye E39 vil gå langs strandlinja, ei strekning på om lag 550 meter frå ferjekaia og fram til eit nytt kryss til fylkesveg 607 i retning Hyllestad.

LES OGSÅ: Fleire brualternativ Oppedal-Lavik

Delar av nye E39 går over sjø, og her skal det byggjast ei betongbru. Frå ferja blir det to avkøyringsfelt, trafikken vert så fletta saman i eitt felt.

Frå 2015 aukar talet ferjer på sambandet mellom Lavik og Oppedal frå to til tre, med avgangar kvart 20.minutt.

– Trafikksituasjonen i Lavik vil bli utfordrande dei neste to åra, men resultatet blir bra, meiner Per Andreas Øren, leiar for Norges Lastebileier-Forbund(NLF) i Sogn og Fjordane til Statens vegvesen sine sider.

I anleggsperioden kan det bli endringar i trafikkmønsteret på kaia. Delar av området må stengast av for å rydde plass til vidareføring av den nye kaidelen. Dermed må talet på oppstillingsplassar kuttast og avkøyringsfiler kan verte flytta. Det betyr også at eksisterande busshaldeplass får ny plassering.

LES OGSÅ: Set inn ei tredje ferje

– Heile kaiområdet skal i løpet av anleggsperioden gravast opp for å få plass til nye grøfter, drenering og elektro. Trafikantane må fylgje godt med på merking og skilting for her kan det bli endringar i køyremønsteret etter kvart som arbeidet går over i nye fasar, seier Hov.

Det er NCC som skal stå for bygginga. Kontrakta har ein verdi på 200 millionar kroner.

LES OGSÅ: Her kjem verdas første utsleppsfrie ferje

Artikkeltags