Stor aksjon i gang etter melding om at seglbåt skal ha forlist i Byfjorden ved Helleneset

Redningsmannskap leitar etter ein mogleg havarist ved Helleneset.

Redningsmannskap leitar etter ein mogleg havarist ved Helleneset. Foto:

Naudetatane har rykt ut.

DEL

(BA): Klokka 14.38 fekk politiet melding om at ein seilbåt skal ha forlist. Naudetatene har rykt ut med bilar og båtar på sjøen.

– Det er berre avstandsmeldingar på forholdet, og vi har berre fått éi melding om dette, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt.

Likevel meiner han meldinga er truverdig.

– Det er ingenting som tilseier noko anna.

Hovudredningssentralen er også varsla.

– Det var ein person som observerte frå sin bopel at ein seglbåt ved Helleneset plutseleg forsvann. Han påstår at den sank, men det er litt rart at ingen andre har sett det, seier redningsleiar i Hovudredningssentralen, Owe Frøland.

Dei har kontakta andre sivilbåtar i området, som ikkje har sett noko mistenksomt. Heller ikke drivgods på overflata, som er normalt etter havari.

– Akkurat no forsøker vi å ha is i magen og både gjere etterretning parrallelt med søk på sjø og eigne observasjonar. Vi undersøker også kva som er reellt mogleg å sjå frå meldar sin bopel, det kan jo vere at dette har vore ein båt kor segla har blitt tatt ned og det kan ha blitt feiltolka.

Den siste meldinga frå Hovudredningssentralen klokka 1600 er at søket blir avslutta.

– Det er ingen funn eller observasjonar som underbygger meldinga, seier Owe Frøland ved Hovudredningssentralen.

Det var berre avstandsmeldingar på forholdet, og naudetetane hadde berre fått éi melding om hendinga.

Artikkeltags