Mann snakka i telefon på bussen. Då small det

Artikkelen er over 3 år gammel

Fekk seg eit til to slag i ansiktet frå hissig medpassasjer.

DEL

Det var like før klokka 17.00 onsdag ettermiddag at ein mann i 50-åra fekk seg ein eller fleire slag i ansiktet frå ein ukjend medpassasjer. Dette skjedde inne i bussen som kom frå Bergen til Nordhordland.

Ifølge Kurt Inge Hordvik ved lensmannskontoret i Nordhordland skal ein passasjer ha blitt irritert over at ein annan passasjer snakka i telefonen.

– Det blei ein diskusjon rundt dette, og han prøve å ta telefonen frå medpassasjeren. Han meinte visst at mannen snakka litt for høglydt, og det oppstod litt knuffing. Så small det, fortel Hordvik.

Mannen skal ha fått seg ein til to slag i ansiktet, og enda opp med ei heving og eit solid blåmerke under venstre auge.

– Det ser ut til at det var ein litt hardt slag.

Mannen som slo var også i 50-åra, og han har erkjent forholdet. Det  var mannen som blei slått til som sjølv melde saka til poltiet etter hendinga.

Hordvik seier at denne typen tilsynelatande uprovoserte hendingar ikkje skjer ofte.

– Det er jo litt spesielt å få seg ein lusing når ein snakkar i telefonen på bussen, seier Hordvik og legg til at det kan sjå ut til at mannen som slo ikkje var heilt edru.

Artikkeltags