Brua er gratis

Artikkelen er over 12 år gammel

Presis klokka 16.00 gjekk rakettane til vers, og folk i Nordhordland kan feira at elleve år med bompengar er over. Wictor Bergstrøm og sjåfør Morgan Vaage løyste den siste billetten over brua.

DEL

– No skal vi tilbake til Austrheim og feira, dette gir grunn for ein skikkeleg nyttårsfest, seier Wictor som fekk champagne-glaset i bilen då den siste billetten vart løyst. Sjåfør var Morgan Vaage frå Fedje.

– Vi bestemte oss for at denne turen måtte vi ha, ei fantastisk oppleving, seier dei.

Om det ikkje var fullt så mykje folk tilstades som då HM kong Harald opna brua i 1994, så hadde i alle fall imponerande mange funne vegen til den historiske hendinga nyttårsaftan.

Eit par tusen menneske, norske flagg og champagne var å sjå ved bombuene på Flatøy. Både fylkesordførar Torill Selsvold Nygård, Regionleiar Håkon Matre og Meland sin ordførar, Solbjørg Åmdal Sandvik, trekte fram at dette er ein historisk dag.

Minst like stor er gleda blant dei mange pendlarane som no har fått eit ekstra lønstillegg i nyttårsgåve.

Før trafikken fekk gå som normalt, vanka det og roser på dei første bilistane på veg inn til Nordhordland på gratis bru.

Artikkeltags