Røyk i skogen viste seg å vera bål

Artikkelen er over 3 år gammel

Frykt for brann i Isdal i Lindås.

DEL

Brannvesenet sin 110-sentral melder torsdag ettermiddag om røyk i skogen bak Isdal i Lindås kommune. Det viser seg å vera bålbrenning som er årsaka til røyken.

– Det blei meldt inn røyk i terrenget bak Isdal, og då er det klart  at vi tek det alvorleg. Vi rykte ut med vaktlaget frå Knarvik og kontrollerte kva det var. Det viste seg å vera ein grunneigar som driv med bålbrenning, seier Ståle Hauge til Avisa Nordhordland, vakthavande ved Lindås og Meland Brann og redning.

Ifølge Hauge var det ikkje fare for at bålbrenninga skulle komme ut av kontroll.

– Det var ei kontrollert sak, men når det blir litt røyk i terrenget så er folk oppmerksomme, og det er vi glade for, seier Hauge.

– Framleis tørt

Det var ein periode totalforbod mot all open eld i alle Nordhordland-kommunane, men dette forbodet er no oppheva. Det er dermed det generelle regelverket som gjeld.

– No begynner det å bli grønt og skogbrannfaren er liten, men det er framleis tørt, påpeikar Hauge. 

Brannvesenet har difor bede folk vere svært varsamme når dei gjer opp eld utandørs på grunn av faren for skogbrannar.

– Vi ber alltid folk vere forsiktige med eld i skog og utmark, understrekar Hauge.

Forbod i skog og utmark

Han viser til at det er landsforbod mot open eld i skog og utmark, men at dette forbodet er lempa på frå tidlegare år.

– Det er ikkje ulovleg å for eksempel brenne hageavfall. Det er plasseringa av bålet som avgjer om ein bryt forbodet. På innmark, hage og beite og andre område som ikkje er definert som utmark, så er det ikkje ulovleg å brenne, men vi ber folk vere varsamme, seier han.

– Det er heller ikkje lov å brenne bygningsavfall. Alt av den typen avfall skal leverast i Kjevikdalen av miljøomsyn, seier Hauge.

Artikkeltags