Tok fyr på kjøkkenet

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Halv ti fredag morgon var Lindås og Meland brannvesen på plass ved ein einebustad i Litlevika i Knarvik, der det var meldt om brann.

Ti på ti var brannvesenet ferdig og i ferd med å returnere, etter å ha kontrollert tilstanden på staden.

– Det har vore eit branntilløp på kjøkkenet i huset. Bebuarane har handtert dette på ein god måte slik at det ikkje har spreidd seg til resten av bustaden. Vi har sjekka bustaden og brannen er sløkt, seier Ståle Hauge, vakthavande sjef ved Lindås og Meland brannvesen.

Det var først omtala at det kunne vere i ventilatoren som var kjelda til brannen, men etter å ha undesøkt staden, er Hauge usikker på om dette er tilfelle.

– Det eg kan seie er at det har vore brann på kjøkkenet, og ventilatoren har vore involvert, men det kan ha andre årsaker, seier Hauge.

Artikkeltags