Røykutvikling frå bustad i Gjervik

Sjosidevegen

Sjosidevegen Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Brann i kaffitraktar utløyste full utrykking tysdag føremiddag.

DEL

Klokka halv elleve tysdag rykte brannvesenet ut til melding om mogleg brann i ein einebustad i Sjosidevegen i Lindås kommune.

Kort etter var naudetatane framme på staden og melde via Twitter at det var røykutvikling i overetasjen på bustaden. Røykdykkarar vart sett i innsats på staden, men til alt hell viste situasjonen seg å vere mindre dramatisk enn frykta.

Røykutviklinga stamma frå brann i ein kaffitraktar, som hadde spreidd seg til vinduskarmen. Huseigar hadde klart å sløkke denne brannen sjølv, før det fekk anledning til å utvikle seg til noko større.

Brannvesenet arbeider i etterkant med undersøking og utlufting av bustaden.

Artikkeltags