Brann i gravemaskin på Radøy – har spreidd seg til hytte

DEL

Klokka 13.53 melde 110-sentralen om brann i ei gravemaskina på Ospholmen i Radøy kommune. Klokka 14.08 melde dei om at brannen hadde spreidd seg til ei hytte.

– Gravemaskina brannen starta i skal vera på rundt sju tonn, seier vakthavande brannsjef i Nordhordland Brann og redning, Ståle Hauge til Avisa Nordhordland.

Då Avisa Nordhordland klokka 14.00 var i kontakt med Nordhordland Brann og redning var dei enno ikkje kome fram.

Hauge fortel at dei rykkjer ut med to stasjonar, i tillegg til båt frå Austrheim.

– Vi må ha båt for å koma oss ut til holmen og kjem til å få hjelp til dette, seier vakthavande brannsjef.

Det skal ikkje vere fare for folk.

Avisa Nordhordland oppdaterer saka.

Artikkeltags