Mongstad blir evakuert etter branntilløp

Oljeraffineriet på Mongstad blir evakuert fredag ettermiddag.

DEL

(BA): Klokka 13.23 fekk politiet melding om at det hadde vore eit mindre branntilløp i delar av ein ovn inne på Mongstad.

Talsperson i Equinor, Lise Andreassen Hagir, seier fredag ettermiddag at det gjekk ein evakueringsalarm ved anlegget klokkA 13.10.

– Den blei utløyst på grunn av brann i isolasjonen i ein ovn. Brannen oppstod i forbindelse med vedlikehald. Situasjonen skal vere under kontroll, men alt personell som ikkje er ein del av beredskapen er i ferd med å bli evakuert no, seier ho til BA klokka 14.05.

Alle naudetatene er varsla.

– Vi har ein patrulje på veg, slik at vi kan undersøke kva som har skjedd. Dei skal ha søkt brannen sjølv, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Bergen brannvesen er også varsla om hendinga, men dei har ikke sendt mannskap til staden.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags