Brann i einebustad i Lindås: Huset er overtent

Ingen personar kom til skade.

DEL

Ein einebustad på Eknes i Lindås kommune stod i brann i 17.30-tida tysdag kveld.  

– Vi fekk melding om brannen klokka 17.17, og hadde då ein ambulanse i nærleiken. Ein person var utanfor huset då den kom fram, seier innsatsleiar i politiet frå Bergen, John Endre Skeie til Avisa Nordhordland sin journalist på staden.  

Huseigaren skal ikkje vere skadd.

– Han fekk tilsyn av ambulansepersonell då dei kom til staden, men det er ikkje snakk om fysisk skade, stadfestar Skeie.

Det er heller ikkje meldt om sakna personar.

– Andre etasje er heilt øydelagd

Kva som har forårsaka brannen er foreløpig uklart.

– Det er umogleg å seie kva som har skjedd no, seier Skeie til Nh.

Litt over klokka 18.00 opplyste naudetatane på staden at huset var overtent, ifølge 110-sentralen i Hordaland. Sløkkingsarbeid var då påbegynt.

– Andre etasje er heilt øydelagd. Det kan vere håp om å redde skalet, seier innsatsleiaren til Nh i 18.30-tida.

Politiet har snakka med huseigaren på staden og opplyser at dei skal gjennomføre avhøyr med han.

Saka vil bli etterforska av politiet dei neste dagane.

    Tankbil frå Modalen

    Flammane frå huset er nærme skog på staden, men det skal ikkje vere fare for at brannen spreier seg til terrenget.

    Brannvesenet fekk imidlertid problem med vasstilførselen, og har fått inn tankbil frå Modalen for å ha nok vatn i sløkkingsarbeidet.

    Det er manuell dirigering på E39 på grunn av brannen. Vegtrafikksentralen melder klokka 19.46 at vegen kan bli stengt på kort varsel.

    Artikkeltags