Brannvesenet rykte ut: Måtte berge katt i peis

Denne katten vart frigjort frå ein peis i Eikangervåg. Eigarforholdet er uavklara.

Denne katten vart frigjort frå ein peis i Eikangervåg. Eigarforholdet er uavklara. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Katt i tre er ei jamleg hending for brannvesenet, men katt i peis er ei heilt ny problemstilling.

DEL

Litt over halv ti melde 110-sentralen i Hordaland at Brannvesenet rykte ut til Eikangervåg i Lindås kommune.

Utfordringa brannvesenet stod overfor var å berge ein katt som stod fast i ein peis.

– Vi har eit lag på veg for å sjå om vi kan få denne katten ut, sa Ståle Hauge, vakthavande sjef i Lindås, Meland og Modalen brann og redning (LMMBR) til avisa Nordhordland rundt klokka ti.

– Det er ein katt huseigar ikkje kjenner, og den sit fast i eldstaden, som skal vere ein peis, sa Hauge.

Brannvesenet si oppgåve var å få katten fri frå eldstaden og sjekke helsetilstanden til katten. Dersom katten var uskadd, ville den verte sleppt fri, om den var skadd, ville brannvesenet ta den med til dyrelegen.

– Å redde liv er ein av dei tre hovudtinga brannvesenet skal drive med og det gjeld også dyr. Eg er veldig glad for at denne kvinna tok dette på alvor og gav oss beskjed slik at katten ikkje pinast i lengre tid, sa Hauge.

Heilt ukjend situasjon

Katt i tre er for mange eit velkjent scenario frå barne-TV-serien «Brannmann Sam», og ifølge Hauge ei oppgåve brannvesenet får om hende temmeleg jamleg. Katt i peis, derimot, er ein ny vri.

– På mi 32 år lange karriere er dette første gong eg har hatt katt i peis, fortel Hauge.

– Kva utfordringar forventar du at denne situasjonen vil by på?

– Det er ikkje godt å seie. Vi er usikre på korleis katten har komme seg inn i peisen. Sidan den er ukjend for eigaren har den ikkje vore inne i huset, og kan ha komme gjennom pipa. Det er ei litt spesiell sak, men det er sjølvsagt mest spesielt for katten, som sit fast og er redd, sa Hauge.

Uvisst kven som eig katten

Klokka ti på halv eitt er Avisa Nordhordland på ny i kontakt med Ståle Hauge. Då har katteberginga fått ein førebels lykkeleg slutt.

– Det vi har gjort er at vi har funne katten bak peisen, frigjort den ved å demontere peisen og montert saman att peisen. Katten er no levert til Knarvik dyreklinikk for vurdering av dyrlege, seier Hauge.

LMMBR måtte demontere denne peisen for å frigjere katten.

LMMBR måtte demontere denne peisen for å frigjere katten. Foto:

Det viste seg at katten ikkje stod fysisk fast, men den var svært lite villig til å komme fram frå det den truleg opplevde som ein relativt trygg gøymestad.

– Katten var litt vill i situasjonen og ville ikkje verte teken hand om, men vi fekk tak i katten og fekk han inn i eit bur.

Om katten har ein eigar som saknar den eller ikkje, er uvisst.

– Då vidt vi fekk opplyst er ikkje katten merka med identitetsbrikke, så eigarforholdet er ikkje avklara. Han vert no teken hand om av Knarvik dyreklinikk, der ein dyrlege vil vurdere helsa til katten.

Artikkeltags