Einebustad tok full fyr på Frekhaug

Her er einebustaden relativt kort tid etter brannen oppstod. Brannen utvikla seg til å bli ein større brann etter dette.

Her er einebustaden relativt kort tid etter brannen oppstod. Brannen utvikla seg til å bli ein større brann etter dette. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Det oppstod kraftig brann i ein einebustad i Holtermannsvegen på Frekhaug fredag kveld.

DEL

Politiet meldte om brannen klokka 1922. Ifølge brannvesenet brann det då på kjøkkenet.

– Første brannbil er framme, og stadfestar brann i ein ventilator på kjøkkenet, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen til BA klokka 1935.

Spreidde seg til taket

Avisa Nordhordland sin journalist på staden kunne i 20-tida rapportere at brannvesenet enno ikkje hadde fått kontroll.

Det brann då blant anna i mønene. Brannen skal ha starta på kjøkkenet og spreidd seg i ventilatoranlegget og opp på taket, ifølge naboar som har vore vitne til brannen.

VIDEO: Massiv røykutvikling - sjå video av Frekhaug-brannen

Brannmenn saga seg inn og dreiv med sløkking på spreng på dette tidspunktet. Brannen spreidde seg også til taket utvendig. 

Avisa Nordhordland får stadfesta av innsatspersonell at alle som var i bustaden kom seg uskadd ut av huset. 

Ifølge BA har to personar vore til legesjekk etter å ha pusta inn røyk.

Mange skodelystne

I 20.30-tida meldte vår repoter at brannmannskapa var i ferd med å få kontroll på brannen. Det var då kun mogleg å sjå ulming på taket.

– Røykdykkarar blei sendt inn i bustaden, og brannen spredte seg til takkonstruksjonen, seier vaktkommandør Torkjell Helle til BA. 

Brannen resulterte i full utrykning av politi, ambulanse og brannvesen. Også bilar frå Åsane har bistått i arbeidet.

Huset har altså ikkje brunne ned, men er truleg totalskadd innvendig. Det brann kraftig i andre etasje og på taket, og einebustaden har fått kraftige røyk- og vasskadar.

Mange skodelystne i nabolaget følgde branndramaet tett på. Folk i nærliggande hus fekk beskjed om å komme seg innandørs på grunn av den massive røykutviklinga.

Heldigvis var det så godt som vindstille på Frekhaug fredag kveld. Det gjorde at det ikkje var spredningsfare til andre hus i nabolaget. Hadde det vore vind ville fleire hus vore truga.

Artikkeltags