Bøndene stoppar mjøl og brød

AKSJONERTE: Bøndene sine aksjonar heldt fram. Roar Angelskår, Jan Magne Kjeilegavlen og Frøydis Haugen bidrog til å tømma brødhyllene tirsdag.

AKSJONERTE: Bøndene sine aksjonar heldt fram. Roar Angelskår, Jan Magne Kjeilegavlen og Frøydis Haugen bidrog til å tømma brødhyllene tirsdag.

Artikkelen er over 8 år gammel

Skapar hamstring av brød.

DEL

Bøndene sine aksjonar i samband med jordbruksoppgjeret heldt fram. Tirsdag blokkerte bønder utkjøring av mjøl frå fleire møller landet over. Samstundes inntok bønder daglegvarebutikkane og kjøpte opp brød.

Saman med pressemeldingane som var sendt ut i forkant, førde det til hamstring og tomme hyller mange stader.

- Aksjonen er ikkje urimeleg. Vi heldt ikkje på så lenge at det utgjer fare, men vil visa folk i Norge at maten kjem ikkje i hyllene av seg sjølv, seier dei lokale bondelagsleiarane.

Dei viser til at bøndene ligg rundt 200 000 bak industriarbeidarar i bruttoløn.

- Utan at ein gjer noko med skilnaden vil rekrutteringa til yrket stoppa opp, seier bøndene.

Les meir i Nh onsdag.

Artikkeltags