Bønder over heile lander markerer si misnøye mot framlegget til ny jordbruksavtale frå Staten.

I rundkøyringa ved Hagelsundbrua vart ein i dag møtt med ein installasjon som tydeleg fortel kva bøndene meiner kan bli konsekvensane av den varsla endringa innan landbrukspolitikken. Arne Manger er ein av bøndene som står bak protesten.

LES OGSÅ: Roar har kjøpt «halve» Hodnesdalen

– Bakgrunen for at vi reagerer er at har vi har fått ei ny regjering som no har lagt fram eit framlegg som tydeleg viser kva retning dei ønsker å gå. Tilbodet trur eg personleg er skrudd saman for å få med seg støttepartia til regjeringa, Krf og Venstre, seier han til Nh.

– Dei har kamuflert og sukra det dei kan, slik at det ser ut som auke i tilskot, men realiteten er at dei tar frå dei mange små, og gir til dei få store, seier Manger.

Tilbodet frå Staten går i korte trekk ut på å ta 200 millionar kronar av støtten og gi 350 millionar på pris, noko som inneber ei total auke på 150 millionar kroner, 10 prosent av kravet frå næringa, som var på 1,5 milliardar kroner. Etter Manger si meining er det lagt opp til at ein må jobba fortare og produsera meir for å oppnå auke.

– Det tilbodet som har kome gir eit tydeleg signal, no har dei starta justeringa, til neste år kjem hammaren, eg trur dessverre at vi snart kan vera utan landbruk på våre kantar, fryktar Manger.

LES OGSÅ: Får 13.000 lastebillass med stein gratis

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag har i dag innleia forhandlingar med staten for å testa staten si vilje til forhandlingar, og leiar i bondelaget, Nils T. Bjørke, seier det må vesentlege forbetringar til for at det skal vera aktuelt å inngå ein avtale.

Om dei ikkje vert eininge om eit resultat tror Manger det vil merkast godt.

– Det er mange bønder som no byrjar å få nok, og og både håpar og trur det vil merkast om det blir brot, seier han.

– Vi forventar at regjeringa viser betydelig forhandlingsvilje, noko som er heilt avgjerande for å komma fram til ein jordbruksavtale, seier Merete Furuberg, leder i Norsk Bonde– og Småbrukarlag.

Etter å ha gått igjennom forslaget frå regjeringa, meiner jordbruket at forslaget ikkje er i tråd med målet om å auka norsk matproduksjon. Det er ikkje Landbruksdepartementet einig i.

– Tilbudet føl opp regjeringas og Stortingets mål om auka produksjon og landbruk over heile landet, sa departementsråd og forhandlingsleiar for staten, Leif Forsell tirsdag.

LES OGSÅ: Bøndene fryktar store økonomiske tap

I tillegg meiner departementsråden at tilbodet legg til rette for færre statlige begrensningar i jordbruket og meir tilskot til dei som lever av jordbruk på heiltid.

– Dei fleste bøndene vil med dette oppleva ei svakare inntektsutvikling enn andre grupper i det norske samfunnet. Eit gjennomsnittlig gardsbruk, som utgjer ryggraden i det norske landbruket, kjem dårleg ut i statens tilbud, meiner Bjørke.

LES OGSÅ: Bonde-rap frå Nordhordland med eigen video