Bompengar i Mongstadkrysset

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Den andre bommen i Nordhordlandspakka kjem i Mongstadkrysset i staden for på Radøy.

DEL

Dette er klart etter eit ekstraordinært møte i representantskapen i Regionrådet i går kveld. Bommen i Mongstadkrysset skal setjast opp samstundes med at bommen på Nordhordlandsbrua kjem tilbake i 2013.

- Det har lenge vore klart at trafikken over Radøy er for liten i høve dei store kostnadane med å få på plass og driva bomstasjonen. Samstundes har folk i søre enden stilt krav om at det må koma ein andre bomstasjon for at dei skal kunna godta Nordhordlandspakka.

Løysinga vert å plassera bommen på den nest mest trafikkerte staden i regionen, og det er Mongstadkrysset, seier Regionleiar Håkon Matre til nh.

Ein bom i Mongstadkrysset vil også kunna gje auka inntekter til bompengepakka. Statens Vegvesen sine trafikkmålingar viser at kring tusen lastebilar går til og frå Mongstad dagleg.

- Med høgare pris for lastebilar enn privatbilar, vil ein bom i Mongstadkrysset dermed gje raskare nedbetaling av vegprosjekta, seier Matre.

Informasjonsleiar Kåre Ness ved StatoilHydro Mongstad kjende ikkje til den nye utviklinga i bompengesaka då nh tok kontakt i går kveld. Ness stiller seg ikkje avvisande til det nye framlegget frå Regionrådet.

- Lønsnivået her ute i Mongstad-området er etter kvart så høgt at vi som jobbar her har god råd til å bidra for fellesskapen. Ein bom i Mongstadkrysset er nok meir solidarisk enn på Radøy, der næringslivet jo hovudsakleg består av landbruk, seier Ness.

Kva meiner du om denne saka? Skriv til oss her

Artikkeltags