Her er dei framleis utan straum

Her er straumen framleis ute måndag føremiddag.

Her er straumen framleis ute måndag føremiddag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BKK jobbar med å rette feila snøen førte med seg, men på Fedje må dei ty til aggregat.

DEL

Siste: Klokka 1300 er det framleis straumbrot i Gulen, Austrheim, Fedje og ved Veråsvegen i Lindås. Desse feila er forventa retta innan klokka 1500, ifølge BKK sitt kart over pågåande straumstansar.

Måndag morgon er fleire straumabonnentar framleis straumlause etter at snø på linene førte til straumbrot frå Mangersstølane til Sture søndag ettermiddag.

Nokre av feila som oppsto søndag vart retta etter temmeleg kort tid, men andre feil viste seg meir krevjande å rette.

– Alle feila ligg langs kysten, der tung, våt snø har isa seg. Det gjer arbeidet litt utforsdrande. Vi har folk som er ute og jobbar no. Det er jo korte dagar i desember og vi må ha dagslys, seier Anne Mette Tuvin, kommunikasjonsrådgjevar i BKK til avisa Nordhordland måndag morgon.

Dette kartet er til ei kvar tid oppdatert med straumbrot og forventa retting.

Klokka kvart over ti måndag er 116 abonnentar i Gulen, frå Byrknes til Kvernøyna utan straum. I Austrheim er 157 abonnentar frå Lauvøyna til Krossøyna og Rongeværet utan straum, og på Fedje er 130 abonnentar vest for kyrkja, langs heile Mulevegen utan straum.

Fedje får aggregat

Arbeidet med å kartlegge og rette feila er undervegs.

I Lindås skal Lindås ungdomsskule og 44 straumabonnentar nettopp ha fått att straumen rundt klokka ti måndag, og ifølgje kartet er straumbrot på Radøy også retta no.

I Austrheim og på Fedje, derimot, er det meir usikkert kva tid feilen er retta.

– I Austrheim er det to feil på ei linje. Vi håpar at vi vil få dette reparert i løpet av dagen, og målet er å klare det til klokka 12, seier Tuvin.

På Fedje er situasjonen meir komplisert. Der er det avdekka fleire feil på straumnettet, og kva tid desse er retta er uvisst. Difor stiller BKK no med eit aggregat til dei 130 abonnentane som er utan straum i øykommunen.

– Det er for tidleg å seie noko sikkert, men nokre gongar når det oppstår ein feil, kjem det følgefeil andre stader på same linja som kan ha med belastninga å gjere, seier Tuvin.

Kontinuerleg arbeid

Årsaka til feila, er snøvêret som har vore den siste tida.

– Tilbakemeldingane frå dei som er ute er at snøen er ganske kompakt og tung og la seg som is på linjene. Det kan fort ha ført til at greiner og tre veltar over linjene, seier Tuvin.

– Er nettet då godt nok sikra, når slike moderate mengder snø kan føre til så store feil?

– Vi driv vedlikehaldsarbeid heile året for å sikre ei stabil straumforsyning, og er særleg merksame på utsette stader. Vi vil analysere dei feila vi får og sjå på moglege tiltak som må gjerast, seier Tuvin.

Artikkeltags