BKK vil ordna opp på Kløvtveit

20 METER NED: Slik såg det ut i Vetle Kløvtveitvatn etter at BKK var ferdig med si utbygging, no lovar selskapet å ordna opp.

20 METER NED: Slik såg det ut i Vetle Kløvtveitvatn etter at BKK var ferdig med si utbygging, no lovar selskapet å ordna opp.

Artikkelen er over 10 år gammel

Kraftgiganten lovar fiskevatnet tilbake.

DEL

Vetle Kløvtveitvassdraget skal førast tilbake slik det var før BKK sette i gang med kraftutbygging, vert det lova i ei pressemelding.

Kraftutbygginga har vakt harme i bygda, vassnivået i Vetle Kløvtveitvatnet er redusert med 20 meter, eit vatn som før utbygginga var eit rikt fiskevatn og ein idyll for friluftsfolk. No vel BKK å bruka 14 millionar for å forsøka å rydda opp i vatnet.

- BKK vil no byggja ei ny overføring som fører vatnet tilbake til naturleg nivå. Natur- og miljøomsyn får stadig høgare prioritet i samfunnet. Det gjeld også i BKK, noko dette vedtaket signaliserer, seier konsernsjef Atle Neteland i BKK.

Kløvtveitvatnet er inntaksmagasin for Kløvtveit kraftverk, som har vore i drift sidan mars 2006. Magasinet er seinka for å få tilsig frå Transdalsvatnet og Austgulstølsvatnet som ligg lågare enn Kløvtveitvatnet.

Etter utbygginga er Kløvtveitvatnet delt ved Mjåneset, der Vetle Kløvtveitvatnet ligg innanfor hovudmagasinet, Store Kløvtveitvatnet.

- Vi vil no sjå nærmare på ulike løysingar for å endra overføringa mellom Austgulstølsvatnet og Kløvtveitvatnet, slik at Vetle Kløvtveitvatnet kan førast tilbake til naturleg tilstand. Både røyr og tunnel er aktuelt, seier Neteland.

Ordførar Trude Brosvik i Gulen takkar i ei pressemelding BKK for at selskapet no vil rydda opp på Kløvtveit.

- Eg har ikkje stor røynsle med utbyggingar, men må innrømma at det såg veldig lite pent ut etter at Kløvtveit-utbygginga var ferdig. Innbyggarar, grunneigarar og Gulen kommune har hatt møte med BKK om korleis dette kunne gjerast betre.

- Det står respekt av at selskapet no vel å bruka 14 millionar for å føra vatnet tilbake slik det var, dette viser styrken ved lokalt eigarskap og viljen til også å ta samfunnsansvaret alvorleg, seier Brosvik.

Artikkeltags