BKK-gasskraft til Mongstad

BKK søkjer om konsesjon for bygging av gasskraftverk med reinsing på Mongstad. Det opplyser dagleg leiar i BKK Rådgjeving, Jostein Matre til nh.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

I november i fjor offentleggjorde BKK at dei ønskjer å byggja eit gasskraftverk for å demma opp for straumkrisa som er spådd for området Sognefjorden-Hardangerfjorden.

Tre alternativ låg først i bordet når det gjaldt plassering, Mongstad, Kollsnes og Sløvåg. Men no har BKK altså bestemt at dei ønskjer at kraftverket skal liggja på Mongstad.

– Vi ønskjer å byggja kraftverket vårt på Mongstad på grunn av at CO2-reinseanlegget som skal byggjast der, treng mykje varme. Denne energien vert levert gjennom kunstig damp, som vi kan levera frå kraftverket vårt, seier Matre.

– Sidan vi også må byggja med reinsing, finn vi det naturleg at vi kan bruka felles infrastruktur, seier Matre.

I det Matre seier ligg at reinseanlegget som skal byggjast for det første gasskraftverket, også kan fanga opp CO2-gass frå det som BKK skal byggja. Planen er at BKK-verket skal stå ferdig i 2014 når reinseanlegget er står klart.

Tre milliardar

Kor mykje pengar gasskraftverket til BKK skal kosta, kan ikkje Matre svara på no, men seier at det ligg i sjiktet på tre milliardar kroner. Det er viktig for BKK å få gjort dette no, men tanke på kraftkrisa som er forventa i leveringsområdet om nokre år. Per i dag kan ikkje Matre svara på kor stort kraftverket vil bli, men viser til at storleik er avhengig av kort stort behovet for energi er på Troll-feltet.

BKK er no inne i ein tett dialog med Statoil om korleis ein kan få til eit samarbeid som kan tena begge partane best. Før BKK kan senda inn sin søknad om konsesjon, skal konsekvensanalyse arbeidast ut.

– Vi håpar søknad kan sendast før sommaren, seier Jostein Matre til nh.

Artikkeltags