Bjørn West-hytta brann ned til grunnen

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

- Trur hytta blir bygt opp att, seier leiaren i Bjørn West-foreninga.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Politi og brannvesen fekk langfredag kl.14.44 melding om at Bjørn West-hytta i Stusdalen stod i full fyr.

- Hytta var totalt nedbrent då vi kom fram. Det var ingen ting som kunne reddast, seier Jakob Hernar i Lindås og Meland brannvern til ba.no.

Ingen i hytta

Det var ei stund usikkert om det var folk i hytta då det begynte å brenna.

-Politiet har fått stadfesta frå kontaktperson for Bjørn West-hytta at det hadde vore tre kvinner i hytta, men at dei hadde forlate hytta før brannen oppstod, opplyser operasjonsleiar Jan Steimler ved Hordaland Politidistrikt.

- Ein sivil brannmann som hadde vore på tur i området, tok seg også fram til hytta. Han fann ingen personar der, og heller ikkje ski på utsida, fortel Steimler.

Snøscooter-transport

Brannmannskapa var framme ca 50 minutt etter at alarmen gjekk. Brannvernet hadde ingen enkel jobb med å ta seg fram til Bjørn West-hytta og måtta ta i bruk snøscootarar.

- Brannvernet har ikkje eigne snøscooterarar, og kontakta difor Røde Kors. I mellomtida fekk vi låna scooterar av andre i området, fortel Hernar.

-Frykteleg trist

-Dette er voldsomt trist, ikkje minst for dei gjenlevande Bjørn West-veteranane som bygde hytta, seier Oddvar Fyllingen. Leiaren i Bjørn West-foreninga var på veg til hytta då han oppdaga brannen.

- Flammane stod opp frå taket, fortel han til ba.no. Han har god tru på at hytta blir gjenreist.

26 sengeplassar

Bjørn West-hytta ligg 360 moh. Hytta vart bygt av Bjørn West-veteranar i 1948..

Hytta hadde 26 sengeplassar fordelt på 5 soverom.

Artikkeltags