- Biskopen hadde plikt til å ta affære

"MÅTTE GRIPA INN": Når Arbeidstilsynet frykta at konflikten utgjorde ein helsefare for dei tilsette, var det nødvendig for biskopen å gå inn med tiltak, seier kyrkjeminister Rigmor Åsrud i sitt svar til Gjermund Hagesæter.

"MÅTTE GRIPA INN": Når Arbeidstilsynet frykta at konflikten utgjorde ein helsefare for dei tilsette, var det nødvendig for biskopen å gå inn med tiltak, seier kyrkjeminister Rigmor Åsrud i sitt svar til Gjermund Hagesæter.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Kyrkjeministaren svarar Hagesæter.

DEL

- Biskopen hadde plikt til å setja inn tiltak i striden mellom dei kyrkjetilsette på Ostereidet, seier kyrkjeminister Rigmor Åsrud i svaret på stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter sitt grunngjevne spørsmål.

- Følt seg pressa

Hagesæter meiner bispedømmet som arbeidsgjevar har behandla sokneprest Vilhelm Overå på ein dårleg måte.

- Eg har fått fleire meldingar som tyder på at soknerådet føler seg kontrollert og pressa til å gjera vedtak, seier han.

Hagesæter reagerer blant anna på at Overå er tildelt ein svært liten del av gudstenestene samanlikna med presten som er sett inn som ekstraprest, Jens Linde.

Brukt styringsretten

Kyrkjeministeren konstaterer at biskopen har brukt styringsretten sin for å bidra til å løysa konflikten i kyrkjelyden.

Rigmor Åsrud seier i svaret til Hagesæter at ho vil vera forsiktig med å gå langt inn i ei konkret personalsak, men peikar på at Arbeidstilsynet har vore involvert.

- Fekk klare pålegg

- Arbeidstilsynet gav Bjørgvin bispedømme og Lindås kyrkjelege fellesråd pålegg om å setja inn nødvendige tiltak for å betra arbeidsmiljøet for dei tilsette ved Ostereidet kyrkjekontor.

- Arbeidsgjevarane hadde dermed plikt til å setja i verk tiltak, skriv kyrkjeministeren.

Ho viser til at det er prosten, biskopen og bispedømmerådet som har det overordna ansvaret for prestetenesta, medan soknerådet skal medvirka i spesielle tilfelle. Statsråden ser ikkje at det er grunnlag for å foreslå endringar i ordninga på det noverande tidspunkt.

- Biskopen på nakken

Biskop Halvor Nordhaug har overfor Nh gitt uttrykk for at han synest kritikken frå Hagesæter er grunnlaus.

– Både ordninga med to prestar og talet på gudstenester som er tildelt sokneprest Overå er gjort med støtte i arbeidsutvalet i soknerådet, seier Nordhaug.

- Eg veit ikkje kva biskopen meiner med grunnlaus kritikk. Uavhengig om eg risikerer å få biskopen på nakken vurderer eg å følgja opp med nye spørsmål til Statsråden i denne saka, seier Gjermund Hagesæter.

Les meir i lørdagsavisa.

Artikkeltags