Sjå bildeserie: GulenSkyss sin dåp av ny ambulansebåt vart folkefest i Eivindvik

31. mars 2019, kl. 15:52

Gulen Skyss inviterte laurdag 30. mars alle som ynskte til dåp av den nye ambulansebåten «Rosedoktoren». Det var verftet Maritime Partner som bygde båten. Frå klokka 11.00 var det open båt, og mange dukka opp på kaia for å sjå seg rundt i den splitter nye ambulansebåten. I eit lokale på kaia heldt dugnadskaféen «Kafé av og te» til, og blir driven av frivillige. På laurdag var kaféen open, og serverte kaker, bollar, kaffi gratis til alle som var til stades. Brekke skulemusikk tok turen frå nabobygda Brekke for å spele under seremonien.