Brukar du mobilen medan du køyrer bil? Frå nyttår kan du få prikkar i førarkortet om du blir tatt

NYE REGLAR: Frå 1. januar 2019 vil mobiltasting straffast med 1.700 kroner i bot og to prikkar i førarkortet. Er du inne i prøveperioden, får du fire prikkar.

NYE REGLAR: Frå 1. januar 2019 vil mobiltasting straffast med 1.700 kroner i bot og to prikkar i førarkortet. Er du inne i prøveperioden, får du fire prikkar. Foto:

Av

I dag gir brot på mobilforbodet i bil ei bot på 1.700 kroner. Frå nyttår får du prikkar i tillegg.

DEL

Julefreden senkar seg ikkje over trafikken før det faktisk er jul, og mange har fleire timar i bil framfor seg dei nærmaste dagane.

Er du nøydd til å svare på mobilen som ringer, må du ha tatt nokre forholdsreglar. Tekstmeldinga som tikkar inn må vente.

– Det er berre oppstart, gjennomføring og avslutning av samtale som er tillate, under føresetnad av at mobiltelefonen er plassert i ein haldar. Den kan også styrast via handfrie løysingar, som ein knapp på rattet eller liknande – då kan du ha mobilen i ei veske, lomme eller i midtkonsollen. Likevel veit vi at lovar og reglar som set ein sjølv og andres liv i fare blir brotne kvar dag, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF.

Brukar du 23 sekund på å skrive ein kort SMS, køyrer du over ein halv kilometer utan å fokusere på vegen når farten er 80 kilometer i timen.

– I tillegg viser forsking frå England og Australia at sjåførar som tekstar mens dei køyrer er like uoppmerksame som promillekøyrarar med 0,8 til 1,0 i promille, seier Ryste.

Berre ein enkel telefonsamtale aukar reaksjonstida med nesten eitt sekund. Det høyrest kanskje lite ut, men i fart utgjer det mange meter.

– Dei som bryt loven, trur ikkje at mobilbruken påverkar køyringa, men i bilen skal du ha full merksemd på vegen hele tida, seier Camilla Ryste.

Bruk av mobiltelefon under køyring, særleg bruk som inneber tasting og lesing, er medfører høg risiko. Forbodet mot bruk av handhalden mobiltelefon under køyring blir likevel i svært liten grad respektert.

Som eit tiltak for å få bilistane til å respektere forbodet, blir det innfør prikkbelastning for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

Den nye ordninga vil gjelde frå 1. januar 2019. Bryt du mobilforbodet under køyring, vil det medføre to prikkar i førarkortet. Er du framleis inne i prøveperioden, får du fire prikkar. I dag gir brot på forbodet 1.700 kroner i bot. Frå nyttår får du altså prikkar i tillegg.

– La mobilen kvile når du køyrer, så vi alle kjem oss trygt heim til jul, seier Camilla Ryste.

Artikkeltags