Slik skal årsavgifta krevjast inn frå 1. januar 2018

Årsavgift erstattes av trafikkforsikringsavgift til staten fra nyttår. Det er forsikringsselskapene som skal kreve den inn.

Årsavgift erstattes av trafikkforsikringsavgift til staten fra nyttår. Det er forsikringsselskapene som skal kreve den inn. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Alle bileigarar som har forsikra eitt eller fleire køyretøy skal frå årsskiftet betale trafikkforsikringsavgift til Staten saman med bilforsikringa.

DEL

Trafikkforsikringsavgift erstattar den gamle årsavgifta.

– Trafikkforsikringsavgifta vil vere lik i alle forsikringsselskap. Den erstattar den gamle årsavgifta, som tidlegare vart betalt innan utgangen av mars, og må ikkje forvekslast med bilforsikringa du betaler på køyretøya. Det seier Emma Elisabeth Vennesland, assisterande informasjonsdirektør i forsikringsselskapet If.

Alle forsikringsselskap i Norge er pålagt å krevje inn avgifta, og det er stortingspolitikarane som har gjort vedtak om det.

– Tidspunktet for når trafikkforsikringsavgifta skal betalast avheng av når du betaler bilforsikringa din i løpet av året, seier prosjektleiar Hege Knight i If Skadeforsikring.

Ho anbefaler alle bileigarar til å gå over til månadsbetaling av forsikring og trafikkforsikringsavgift. Da fordelast utgiftene utover året, og man unngår å skulle betale eit stort beløp ein gang eller to gonger i året.

Det er Stortinget som har bestemt at forsikringsselskapa skal krevje inn avgifta på vegner av Staten, og at den skal betalast saman med ansvarsforsikringa på køyretøyet.

Bakgrunnen for endringa er at Staten ønsker å redusere administrasjonskostnadene knytt til årsavgifta, som i dag er den avgifta som det kostar mest å krevje inn. Årsavgifta utgjør meir enn 10 milliardar kroner.

Innkrevjing gjennom forsikringsselskap er vanleg i andre europeiske land. I Sverige og Danmark er dette blitt gjort i årevis. Trafikkforsikringsavgifta betalast saman med ansvarsforsikringa til forsikringsselskapa, som igjen overfører innkravd beløp til statlege styresmakter.

For 2017 har årsavgifta vore 2.820 kroner for bensinbilar og 445 kroner for el-biler. Under behandlinga av statsbudsjettet på Stortinget i desember, vil satsen for 2018 bli fastsett. Men det er alt klart at det blir 0 i trafikkforsikringsavgift for el-biler i 2018.

Trafikkforsikringsavgifta til staten følger forsikringsforholdet. Byter du forsikringsselskap, vil avgifta og forsikringa stoppe hos det gamle, og starte hos det nye selskapet.

Dersom du har betalt for forsikring og trafikkforsikringsavgift til staten for ein termin og byter selskap før terminens slutt, vil forsikringsselskapet betale tilbake det du har betalt for mykje for både forsikringa og trafikkforsikringsavgifta. (ANB)

 

Artikkeltags