Kom gåande med motorsyklar gjennom tunnelen

Fleire hendingar i Fløyfjelltunnelen skaper kø torsdag ettermiddag.

DEL

(BA): Klokka 15.32 fekk politiet melding om eit trafikkuhell mellom ein MC og ein personbil i Fløyfjelltunnelen, retning Åsane.

– Ingen personar blei skadd, men det blei materielle skadar på begge kjøretøy, opplyser politiet.

Både bil og MC blei fjerna frå vegbana.

Ikkje lenge etter, klokka 15.41, skjedde det ei ny hending i tunnelen.

Dytta MC midt i tunnelen

Ein motorsykkel hadde fått stans, og ein person dytta på motorsykkelen midt i tunnelen.

– Tunnelen blei stengt, og førar og MC blei eskortert ut. Motorsykkelen var gått tom for bensin, ifølge politiets operasjonsleiar.

Dette førte til stans i trafikken. Ikkje lenge etter at trafikken begynte å sige igjen, kom ein ny motorsyklist trillande på sykkelen sin i tunnelen.

– Vi rykker ut til eit tredje oppdrag som er MC-relatert. 200–300 meter inne i tunnelen, nordover trillar ein mann på ein MC. Vegtrafikksentralen stenger tunnelen, opplyser politiet.

Klokka 16.37 står køen nordover over Puddefjordsbrua og inn i Damsgårdstunnelen. I Nygårdstunnelen står trafikken i tre felt.

Motorsyklane blei etter kvart fjerna, og klokka 17.06 opplyste politiet at også den tredje motorsykkelen var fjerna.

Tunnelen er no opna heilt opp.

Stans i Damsgårdstunnelen

Også vestover er det litt trøbbel på vegane dagen før dagen. Like før klokken 17 fekk ein bil stans i Damsgårdstunnelen.

Vegtrafikksentralen har stengt eitt felt i tunnelen. Politiet køyrde fram for å undersøke.

Dei fann ingen bil i tunnelen. Klokka 17.09 blei den opna for fri ferdsel.

Artikkeltags