Buss havarerte i Fløyfjellstunnelen - skaper lange køar

Artikkelen er over 1 år gammel

Eitt felt vart stengt i Fløyfjellstunnelen i nordgåande løp. Det førte til ekstra lange køar fredag ettermiddag.

DEL

(BA): Ein bergingsbil jobba i 15.30-tida med å få bussen ut av tunnelen fredag ettermiddag.

– Vi fekk melding om dette klokka 15.23. Eitt felt er stengt nordover, sa vaktoperatør i Vegtrafiksentralen Tom Hansen kort tid etter hendinga.

Det er mange bilar på vegane.

– Det er smekk fullt og køar nordover, slo Hansen fast klokka 15.40.

Klokka 15..56 blei bussen fjerna.

SKyss meldte om betydelege problem på Danmarks plass i Bergen, gjennom sentrum og på Fjøsangerveien, blant anna.

I busstrafikken var det forseinkingar på følgande linjer: 3, 3E, 4, 4E, 5, 6, 26, 27, 28, 30E, 32E, 39, 51, 53, 60, 67, 83, 600, 210 og 925.

Artikkeltags