Gå til sidens hovedinnhold

Derfor var det mange krigsskip på Byfjorden

Artikkelen er over 5 år gammel

Nato sin ståande maritime styrke har vore i Bergen for å bunkre og hente forsyningar.

Ei rekke utanlandske krigsskip kom innover Hjeltefjorden mandag morgon.

Åtte utanlandske militære fartøy, frå seks forskjellige land, er i Bergen.

– Det er Natos ståande maritime styrke. Dei skal ha eit logistisk stopp for å bunkre opp og skaffe seg proviant, seier presse- og informasjonsoffiser Thomas Gjesdal i Sjøforsvaret til BA.

Han opplyser at fartøya er frå Spania, Danmark, Belgia, Portugal, Canada og Tyskland.

– Folk må forvente å sjå desse fartøya ut veka, seier Gjesdal.

Fartøya skal fordelast mellom marinebasen Haakonsvern og Vågen. Gjesdal opplyser at neste år skal ein norsk fregatt ha kommando i ein av Nato sine to marinegrupper, som forkortes SNMG1.

Kommentarer til denne saken