Radværing skal leie psykologisk fakultet

Ørnulf Lillestøl er tilsett som ny fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet i Bergen.

Ørnulf Lillestøl er tilsett som ny fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet i Bergen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Ørnulf Lillestøl frå Manger vert ny fakultetsdirektør ved Det psykologiske fakultet ved UiB.

DEL

– Vårt inntrykk er at vi får ein solid og kunnskapsrik fakultetsdirektør med omfattande erfaring frå kommunal sektor. Eg ser fram til at han tek til i stillinga, og er sikker på at vi vil utvikle eit godt samarbeid dei neste åra, seier dekan Bente Wold om tilsettinga på UiB sine nettsider.

Lillestøl er oppvaksen på Manger, men kjem no frå stillinga som rådmann i Selje kommunen, ei stilling han har hatt i tre år. Tidlegare har han blant anna vore personalsjef i Masfjorden kommune, kommunalsjef i Masfjorden, samt helse- og sosialsjef i Masfjorden kommune og i Høyanger kommune. Han har sosionomutdanning, master i leiings- og organisasjonsfag frå BI og masterutdanning i offentleg administrasjon frå Copenhagen Business School, opplyser UiB.

Artikkeltags