Redningsaksjon på Byfjorden då båt gjekk i ring

Båt som gjekk i ring utløyste stor redningsaksjon.

DEL

(BA): Fleire naudetatar rykte ut etter at ein båt gjekk i ring på Byfjorden, melder Vest politidistrikt klokka 17.30.

– Vi har vore ute og bistått med båten vår. Både Redningsskøyta, politiet, brannvesenet og ambulanse rykte ut, til aksjonen som Hovudredningssentralen koordinerte, seier vaktkommandør Christer Skei ved 110-sentralen i Hordaland til BA.

Han fortel at dei har fått kontroll på ein person etter hendinga. Vedkommande er tatt hand om av politiet, som opplyser at ingen er sakna.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken