Nh rettar om bompengar: Slik blir innkrevjinga som startar laurdag 6. april

Her er den nye bomstasjonen i Straumevegen.

Her er den nye bomstasjonen i Straumevegen. Foto:

Ingen av dei nye passeringane i bomringen til Bergen skal ha rushtidsavgift.

DEL

I ein artikkel her på nordhordland.no og i papiravisa onsdag har vi skrive at dei nye bompasseringane i sentrum og i Straumevegen skal ha rushtidsavgift, i motsetnad til dei andre som er fritatt.

Dette er ikkje riktig. Ingen av dei nye bompasseringane som kjem opp og startar innkrevjing frå laurdag 6. april skal ha rushtidsavgift. Det presiserer Miljøløftet i ein epost til Avisa Nordhordland.

– Ingen av dei 15 nye bomstasjonane skal ha rushtidsavgift, dette inkluderer bomstasjonane i sentrum og den like før Krambua i Straumeveien, skriv kommunikasjonsrådgjevar Ingrid Feet Bjørgo.

Avisa Nordhordland beklagar feilen.

Innkrevjinga i dei nye stasjonane startar altså laurdag 6. april, klokka 00.00 ifølge nettsida til Miljøløftet.

Timesregel og passeringstak på 60 passeringer per månad vil framleis gjelde for alle køyretøy med elektronisk brikke og gyldig avtale.

Det blir også innført bompengar for elbilar ettersom andelen elbilar i bomringen i Bergen har passert 20 prosent, noko som skjedde i november i fjor. Hydrogenbilar med gyldig Autopass-avtale og brikke får derimot fritak.

For elbilar er taksten 10 kroner utanom rush og 20 kroner i rush i dei eksisterende bomstasjonane, og 10 kroner heile døgnet i dei nye bomstasjonane. Med brikke og gyldig AutoPASS-avtale får ein 20 prosent rabatt. Prisen etter rabatt blir då 8 kroner utenom rush og 16 kroner i rush, skriv Miljøløftet.

Artikkeltags