Beate trudde Ståle (13 1/2) og ei 17.maifløyte dreiv gjøn med ho

Artikkelen er over 5 år gammel

Men så oppdaga dei at dei hadde ein litt spesiell gjest i pipa.

DEL

Den spesielle hendinga frå Bøvågen på Radøy byrja sist tysdag, då Renate (17) låg sjuk heime.

Medan ho var heime høyrde ho rare lydar i huset, omtrent som frå ein 17. maifløyte.

– Ho sa det til meg då eg kom heim frå jobb. Men eg høyrde ingenting, seier mamma Beate Haugland Hamre til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Ove skaut breiflabb med salongrifle

Men då ho skulle legga seg høyrde ho noko rart. Medan ho gjekk rundt i huset og sløkte lysa, høyrdest det ut som om nokon blas i ei 17.maifløyte.

– Då vart eg litt småirritert på yngstemann og gjekk opp for å be han gje seg med fløytinga og heller legga seg til å sova, seier ho.

Men Ståle skjønte ingenting og sa berre «hæ?»

– Den fløyta du bles i, gje deg med det, sa eg til han. Men han sa han ikkje spelte i nokon fløyta, seier ho.

Etter litt tenking og leiting, fann ho ut at lydane ho og dottera hadde høyrd, kom frå pipa i huset.

I fleire dagar gjekk dei og lurte på kva slags fugl det var snakk om. Ei tid trudde dei det var snakk om ei kråka.

– Men på fredag morgon opna sonen min sotluka og såg at det var ei ugle, seier ho.

Ugla berre sat der i opninga med store auger og såg på han. Ståle gjekk og tok på seg hanskar, for å få ho ut. Men ugla berre rømde oppover i pipa.

LES OGSÅ: Nakenkalv født på Radøy

Ståle måtte etterkvart stikka på skulen for å ha tentamen. Men seinare same dag kom pappa Ove Hamre heim frå jobb. Han opna sotluka, og der sat ugla.

– Han hadde funne ei lommelykt for å blenda ugla, og tatt ho ut, fortel Beate.

Han prøvde å sleppa ugla fri med ein gong, men den var så avmagra at den krasja rett i hekken til familien Hamre.

Då vart ugla plassert i eit bur, og fora med kyllingfilet og vatn.

– Me kontakta ein vetrinær, men han sa at det ikkje var så mykje meir å gjera enn kva me alt var byrja med, fortel ho.

Ugla var full av sot, og fleire gonger har dei prøvd å spyla sotet av ho.

– Ugla er ganske tam og sit på armen min, og kvar gong eg klappar på den, vert eg full av sot, fortel ho.

LES OGSÅ: Pus tok bussen på eiga hand

Enn så lenge bur ugla i eit bur i garasjen.

– Planen er å sleppa den seint i kveld, den er jo nattdyr, så dess seinare dess betre, seier ho.

Ho har aldri opplevd å ha liknande overnattingsgjester på besøk før.

– Det sit ei anna ugle borti skogen og lagar lyd, kanskje den kallar på den ugla som er hjå oss?, spør ho.

LES OGSÅ: 119 000 laks på rømmen etter oppdrettsbrann

Artikkeltags