Åtvarar om forholda på sjøen: Utruleg mykje boss!

Her ser du delar av ein landgang som flaut rundt på sjøen. Foto: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen 2

Her ser du delar av ein landgang som flaut rundt på sjøen. Foto: Redningsskøyta Kristian Gerhard Jebsen 2

Artikkelen er over 1 år gammel

På grunn av høg vasstand torsdag, enda svært mykje boss på sjøen. No vert båtfolket åtvara.

DEL

– Sidan torsdag har det drive rundt ekstremt mykje boss på sjøen. Vi har plukket opp ein god del av det og også varsla Bergen hamn, seier skipsførar Alfred Aastrøm på Redningsskøyta «Kristian Gerhard Jebsen 2» til BA.

Han peikar på at det svært høg vasstand på torsdag. 35–40 cm over tidvatn-tabellane.

– Det var storflo. Det ligg mykje søppel i fjæresteinane. Når vasstanden blir høg, forsvinn det på sjøen. Folk slenger ting frå seg og trur det ligg trygt, men når det er forhold som det var på torsdag, endar det på sjøen.

Dei har plukka opp tømmer, bildekk, plastdunkar og svære bryggedelar. Skipsføraren meiner folk bør skjerpe seg.

– Rydd opp etter dykk, seier han.

Denne type slendrian kan nemleg få alvorlege konsekvensar. Han åtvarar folk som skal på sjøen laurdag.

– Treff ein nokre av desse gjenstandane i høg fart, kan det gå gale. I tillegg kan søppelrestar som tau og plast ende i propellen.

Redningsskøyta er i beredskap som vanleg. Han åtvarar også om forholda som ventar søndag.

– Da blir det elendig vær. Folk bør komme seg heim frå sjøen laurdag kveld.

Artikkeltags