Den nye barnehagen i Knarvik vert topp moderne. Målet er å ha klar seks avdelingar etter skuleferien neste år.
Knarvik barnehage er eigd av Nordhordland Indremisjon og Norsk Luthers Misjonssamband, Bergen krets, og er den eldste heildagsbarnehagen i Lindås kommune.
Behovet for plassar i Knarvik-området har vakse kraftig dei siste åra, og lokala som ligg like nedanfor kommunehuset er blitt for små.
- Vi vart smigra då kommunen oppmoda oss som privat aktør om å byggja nytt, seier styrar Agnes Sønstabø.
Barnehagen si tomt ligg nær den nye vegen som vert bygt mellom Gjervik og Juvikstølen. Arkitektkonkurranse vart utlyst, og M3 Arkitektar AS sitt framlegg er no sendt inn for kommunal handsaming.
Målet er at byggjeprosjektet skal ut på anbod i løpet av få veker.
- Vi fall for M3 sin modell mellom anna fordi dei har gode løysingar på å ta vare på naturen på mest mogleg av tomta. Vi har ei flott naturtomt, og ønskjer at den skal forbli mest mogleg som i dag, seier Sønstabø.
”Rubikk orm”
Thomas Tysseland i M3 Arkitektar forklarar at deira skisse viser eit bygg i to etasjar. Du hugsar kanskje Rubikks orm, som gjekk som ein farsott over landet på 80-talet, etter at alle hadde gitt opp å løysa same mann si kube?
Forma på ormen har gitt inspirasjonen til seksjonane i barnehagen. Grillhus ute skal og ha same attkjenande form.
- Barnehagen vert sett saman av seksjonar som liknar kvarandre, desse er så tilpassa terrenget. Kvar avdeling får felt der det vert gitt ein farge barna kan kjenna att. Inne er det lagt opp til eit stort myldrerom, medan avdelingane har mindre område kor små grupper kan ha base, seier Tysseland.
- Vi har lagt vekt på at barnehagen skal gli godt inn i terrenget, at miljøet skal vera trygt og inspirerande og at naturen skal spela ei viktig rolle i leik og læring, seier han vidare.
Trass to etasjar, får barnehagen såkalla universell utforming utan heis. Tilkomst for rullestol er løyst gjennom ei rampe opp frå myldrerommet. Her skal og lysbrytinga gjennom takvindauge skapa artige effektar for barna.
Bevara ”småbarnehage-preget”
Agnes fortel at både eigarar og foreldre har vore opptekne av å bevara preget av ein liten barnehage, sjølv om det no vert plass til 150 barn.
Kvar avdeling får mellom anna sin eigen inngang. I myldrerommet vert det små tribunar, slik at ein kan nytta dette til større samlingar og framføringar. Eit eige rom vert laga til med tanke på utvida opningstid.
- Vi må tilpassa oss arbeidslivet, det betyr at nokon få kjem tidleg. Då er det naturleg, også med tanke på bemanning, at vi nyttar eit eige rom, seier ho.