Er du uforsiktig med fyrverkeriet kan du miste delar av forsikringa

Fyrverkeri er ikkje å spøke med, og kan bli kostbart.

Fyrverkeri er ikkje å spøke med, og kan bli kostbart. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Alkohol og fyrverkeri kan bli ein dyr cocktail nyttårsaftan, åtvarar Tryg forsikring.

DEL

Kvart år forårsakar fyrverkeri store skader på personar, biler og bygningar. Dersom du er skyldig i fyrverkeri-brann eller skade etter aktløyse, kan det bli ein dyr start på det nye året.

– Har du for eksempel medverka til ein fyrverkeri-brann av eigen bustad kan erstatninga bli redusert med hundretusenvis av kroner, kanskje endå meir dersom du var rusa. Det er graden av aktløyse som avgjer om du mister deler av forsikringa. Ein bustad er dyrt å bygge opp igjen, og det skal ikkje store reduksjonen til i erstatninga før det blir mykje pengar ut av det. Det kan bli ein kostbar start på 2018, seier Torbjørn Brandeggen i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

120 millionar kroner

I fjor på nyttårsaftan vart det registrert 99 branntilløp på bygningar, og erstatningsbeløpet kom opp i over 120 millionar kroner, viser tal frå Finans Norge. Nokre av desse branntilløpa vert kategorisert som antatt påsett, andre igjen skyldast menneskeleg svikt.

Derimot er talet på personskadar knytt til bruk av fyrverkeri redusert.

– Antall fyrverkerirelaterte personskadar har søkke betydeleg de siste årene, noko som truleg skyldast økt medvit rundt risiko og tryggleik. Ikkje minst er folk blitt langt flinkare til å bruke beskyttelsesbriller enn før, seier Brandeggen.

Vær edru når du fyrer opp monsterbatteriet

Dei fleste personskadane skjer når folk tenner fyrverkeri i alkoholpåverka tilstand.

– Kombinasjonen med alkohol og fyrverkeri er svært farleg. Dette trur eg dei fleste veit, men likevel ser vi kvart einaste år eit hopp i skadestatistikken ved årsskiftet, særleg rundt brann og personskadar. Vi ville fått langt færre fyrverkeriskadar dersom alkohol ikkje var inne i bildet. Fyrer du opp monsterbatteriet ditt bør du absolutt vere edru, seier Brandeggen.

Skadane trenge ikkje å vere sjølvforskylda. Mykje skyldast andre si aktløyse eller hærverk, men det er likevel mykje du sjølv kan gjere for å unngå at det er du som vert råka av ein skade eller ulykke.

Menn blir oftast skadd

Det er særleg er menn som vert skadde ved bruk av fyrverkeri. Nyttårsfeiringa i fjor førte til 65 registrerte ulykker der 52 personar vart skadde. 62 prosent av desse var menn, viser tal frå Direktoratet for tryggleik og beredskap (DSB). Flest tilfelle vart rapportert i Hordaland, Oslo og Akershus.

Tendensen viser at andelen personar over 30 år aukar i skadestatistikken.

I fjor fekk 18 personar augeskadar. Ingen av dei brukte beskyttelsesbriller. Etter nyttårsfeiringa i fjor vart det totalt meldt inn 47 personskadar på fingrar, ansikt, høyrsel og auge. Tre av fire skadde i fyrverkeriulykker dei siste sju åra er menn.

Ti av dei som fekk personskade i fjor var under 18 år, trass i at det er 18 års aldersgrense for kjøp og bruk av fyrverkeri.

Slik sikrar du ei trygg nyttårsfeiring:

  • Alle bør bruke beskyttelsesbriller
  • Førebu fyrverkerioppskytinga i god tid medan det enno er lyst ute
  • Les bruksrettleiinga nøye før bruk
  • Kontroller at fyrverkeriet ikkje er skadd
  • Sørg for at fyrverkeriet ikkje kan velte
  • Bøy deg aldri over antent fyrverkeri
  • Ikkje tenn fyrverkeri på nytt dersom det ikkje tenner ved første forsøk
  • Hald god avstand frå oppskytinga
  • Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman
  • Kommunen kan ha lokale føresegner om bruk av fyrverkeri. Som regel er det forbode å bruke fyrverkeri på andre dagar enn nyttårsaftan mellom kl. 18 og 02.
  • Barn finn restar av fyrverkeri første nyttårsdag. Husk derfor å rydde opp etter deg og dykk, slik at ingen skader seg på det som ligg igjen.

Artikkeltags