Fleire bankar lamma av systemfeil

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

Nettbank, mobilbank og kontantuttak i minibank er heilt nede, medan dei fleste kundar framleis kan betale med kort i butikk, ifølge Sparebanken Vest.

DEL

Feilen vart oppdaga cirka 0030 natt til fredag, opplyser Lars Ove Breivik i Sparebanken Vest.

– Det er ein feil hos Evry i kjernesystemet som gjev feil i fleire av bankens system. Feilen er identifisert, men vi har ikkje fått estimert tidspunkt for når systemet er oppe igjen, seier Breivik.

– Skaper problem

Både mobilbank og nettbank er nede, og kundar vil heller ikkje kunne ta ut pengar i minibank med kort. Netthandel vil heller ikkje fungere, ifølge Breivik.

Ein del vil også ha problem med kortbetaling i betalingsterminalar.

– Men kortbetaling vil for dei fleste fungere i butikk, eventuelt i form av reserveløysing, seier Breivik.

– Kva for konsekvensar får dette for banken?

– Det skapar ein del problem. Det viktigaste er å få retta dette med tanke på kundar, men det går også ut over del praktiske ting. Det blir litt manuelt arbeid her og der, slik at ikkje kundar blir skadelidande, seier Breivik.

I tillegg til Sparebanken Vest, er det meldt om problem i fleire andre bankar, blant anna Skandiabanken, Sparebank 1 og Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Ikkje hacking

Evry arbeider med å skaffe ei oversikt over omfanget.

– Fleire bankar er råka. Vi har ikkje heilt oversikt enno.

– Er det hacking?

– Nei, det er ein teknisk feil med ein sentralkomponent i ei stormaskin. Ei stormaskin betener ulike system for bankane for å forklare det enkelt. Teknikarar jobbar no for fullt for å løyse dette, seier kommunikasjonsdirektør Geir Remman.

Han seier at Sparebank 1 har problem. DNB-kundar kan bruke banken som normalt.

Artikkeltags