Nh-grunnleggjar Bernt Tungodden har gått bort

Nh-grunnleggjar Bernt Tungodden gjekk bort søndag, 94 år gamal.

Nh-grunnleggjar Bernt Tungodden gjekk bort søndag, 94 år gamal.

Sovna stille inn med familien rundt seg søndag, 94 år gamal.

DEL

Grunnleggjar og mangeårig styreformann i Avisa Nordhordland, Bernt Tungodden, har gått bort.

Tungodden sovna stille og fredeleg inn i heimen sin i Knarvik søndag, 94 år gamal. Tungodden gjekk bort etter nokre vekers sjukdom. Han sovna inn med den næraste familien rundt seg og var klar og samfunnsengasjert heilt til det siste. 

Tungodden etablerte Avisa Nordhordland i november 1974 saman med Sigmund Maraas og Terje Vetås. Verksemda vaks og omfatta etter kvart bokhandlar, forlag, reklamebyrå og eigedommar.

Avisa har vore i kontinuerleg drift heilt sidan starten i 1974 og har neste år 45 årsjubileum.

I 2006 valde Tungodden og Sigmund Maraas å selja avisa til dåverande A-pressen, som seinare har skifta namn til Amedia og no er eigd av Amediastiftinga.

– Dette er ein stor og vemodig dag for avisa, sa Tungodden 23. juni 2006 då livsverket vart seld.

KONGESØLV: Nh-gründar og mangeårig styreformann Bernt Tungodden då han mottok kongens fortenestemedalje i sølv i desember 2006. Dåverande Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik stod for tildelinga.

KONGESØLV: Nh-gründar og mangeårig styreformann Bernt Tungodden då han mottok kongens fortenestemedalje i sølv i desember 2006. Dåverande Lindås-ordførar Tove Linnea Brandvik stod for tildelinga.

Tungodden kom opprinneleg frå Solund i Sogn og Fjordane. Han fatta tidleg interesse for kunnskap, skule og undervisning. Han utdanna seg til lærar og skulle seinare bli skulesjef, først i Solund og deretter i Lindås. 

Det var også med tanke på kunnskapsformidling og eit ønske om å modernisere Nordhordland gjennom kunnskap han starta opp Avisa Nordhordland.

Samtidig etablerte han Folkeuniversitetet i regionen og jobba lenge med planar om å etablere ein høgskule. Han var også ei av eldsjelene bak Knarvikmessa, som var starten for Knarvikmila.

I tillegg til alt dette var han forfattar av ei rekke lokalhistoriske bøker og var fagleg svært aktiv med undervisning i pedagogikk og utgjeving av lærebøker.  

21. desember 2006 blei han tildelt Kongens fortjenestemedalje for sin uvanleg store innsats for samfunnsliv.

Tungodden etterlet seg kona Gunnvor, som han fekk over 60 gode år med, borna Nina, Bertil og Tore og seks barnebarn.

Gravferda er frå Knarvik kyrkje fredag 30. november klokka 11. Familien melder at alle er hjarteleg velkommen til seremonien i kyrkja, og det vert minnestund på Alver Hotel.

Artikkeltags